|
Før kampen; Veitastrond - Breimsbygda
Det er tidleg august og framleis tykkjer me at det er sommar ute. Likevel går det eit lite skille mellom årstidene når Veitastrond i morgon sparkar i gang haustsesongen. Då kjem Breimsbygda for fyrste gong på besøk til Leikvoll, og det er eit revansjelystent heimelag som entrar bana i morgon.
Laget som truleg startar i morgon;
Gøran
Geir - Øivind - Even - Kim Andre
Øyvind - Morten - Emil - Bjørn
Richard - Frode
På benken; Jon Arne, Ole Kristian, Gaute, Jan Erik, Vidar og Arne.
Dei som ikkje vert med er Kurt og Frank som begge soner karantene. Helge kjem ikkje tilbake frå ferie før til neste kamp medan Øystein er på tur til England. Superveteran Arvid er heller ikkje venta å ta plass på benken i morgon.
Me hadde lenge eit håp om at Sindre skulle gjera eit overraskande comeback til denne kampen, men det vart det diverre ikkje noko av.
Revansjelysten heimelag
Veitastrond og Breimsbygda møttest i den fyrtse seriekampen i år, og då enda det med 3-2 siger til breimingane. Etter den tid har dei to laga teke kvar si retning der Veitastrond har hatt ein kjempesesong og leiar serien, medan Breimsbygda berre har vunne ein kamp etter kampen mot oss og ligg no nest sist i avdelinga.
VIL-fotball burde såleis ha god motivasjon framfor denne kampen, men samstundes må me hugsa på at me møter eit Breimsbygda-lag som kjem med senka skuldrar og har truleg ingenting å tapa til denne kampen.
Turen vår til Byrkjelo var forutan resultatet ei positiv oppleving, og me var imponert over både folket, publikumsoppmøte og oppvartinga. Me får håpa me kan gjera eit like bra inntrykk på breimingane, og det beste me kan gjera er å oppfordra alle i området om å kjenna si besøkstid på Leikvoll i morgon.
Kampen startar kl 19:00, og me seier berre vel møtt!
|