|
Før kampen; Veitastrond - Dale

Litt seint ute kjem her ein noko forsinka og amputert analyse av kveldens kamp vs Dale. Det som i utgangspunktet skulle bli den viktigaste treningshelga før sesongen med to kampar og full rulle, bli i staden ein kamp med lite folk tilgjengeleg. Det har ikkje lukkast Veitastrond.com å få tak i fyrsteellevaren til i kveld, men me har ein nokonlunde oversikt over kven som er i troppen.
Dei som truleg vert med i kveld er;
Even, Frank, Gaute, Geir, Jon Arne, Øivind, Bjørn, Emil, Helge, Jan Erik, Morten, Åsmund, Gøran og Øystein.
Dei som då ikkje er med er;
Erlend, Kenneth, Kim Andre, Øyvind, Kurt, Arne, Frode og Richard.
Det skulle då bli 14 mann som er tilgjengeleg og me ser at det er særleg i forsvar og angrep me slit med stort mannefall. På keeperplass er Even med og dei 4 som har starta dei to forrgie treningskampane kjem truleg til å starta i kveld og.
Laget er heilt klart svekka bakover av at Erlend, Kenneth og Kim Andre ikkje er med, og det er ikkje til å unngå at det normalt vil bli eit sakn framover at Kurt må vera heime å stella med geitene sine.
Dette gjer at det vert eit redusert mannskap i forhold til det me hadde håpa på, men likevel kjem me til å kunne stilla ein sterk fyrsteellevar og me kjem heilt sikkert til å gje Dale ein god kamp i kveld.
Kampen i Sognahallen sparkast i gang kl 18:00 i kveld, og me ynskjer vel møtt!
|