|
Før kampen; Veitastrond - Eikefjord

Det er kanskje årets viktigaste kamp VIL-fotball står ovanfor når dei i morgon tek i mot Eikefjord på Leikvoll Stadion. Laga rundt oss på tabellen er i god form og før denne kampen er me passerte av både Syril og Kaupanger, og me treng ein siger for å henga med desse laga. Veitastrond har mykje å retta opp frå den dårlege kampen mot Syril i forrige runde, men det vert ikkje lett å gjera dette når det er Eikefjord som står på motsatt side. Eikefjordingane har hatt kontroll på sølvplassen heile sesongen, og vert ei hard nøtt å knekka for Veitastrond.
Veitastrond stiller truleg med følgande lag;
Even
Geir - Kenneth - Kim Andre - Frank
Arne - Emil - Frode Kvåle - Åsmund
Richard - Kurt
På benken; Øyvind, Gøran, Øivind, Gaute og Øystein
Dei som ikkje er med er Patrik og Erlend grunna skade, Bjørn er suspendert og toppscorar Frode Kvam skal i bryllaup.
Forhåpentlegvis så er det eit revansjesugent VIL lag som går inn til denne kampen. Tapet mot Syril var alt for dårleg og mykje må forbetrast til denne kampen.
Før denne kampen har Veitastrond 4 sigrar på rad heime på Leikvoll, og me kryssar fingrane for at nummer 5 kjem i morgon.
Eikefjord
Me tapte knepent 2-1 i vårkampen mot Eikefjord, og etter den kampen har ikkje oransjetrøyene sett seg mykje attende. Dei har teke 4.divisjon med storm etter opprykket i fjor, og har vist seg å vera det nest beste laget i divisjon etter Saga.
Dei kjem til denne kampen med ein sterk 1-0 siger borte mot Skavøypoll.
Me anbefalar å lesa på deira heimesider der dei har eit lengre innlegg om Veitastrond i sin før kampen reportasje. Du finne sidene under Lenker i menyen ovanfor...
Lapskausblanding
Det ryktast at det vert servert lapskaus i kiosken. Slik at som vanleg så er det berre til å møta opp godt i hjel svolten... og hugs å ta med den feite lommaboka di, så skal me sørga for at den får seg ein effektiv slankekur.
Kampen byrjar kl 14:00 og me ynskjer vel møtt til store og små.
|