Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Veitastrond - Fjøra

Ei ny helg står for døra, og med det og ein ny treningskamp. Nok ein gong får Veitastrond Fotball prøva seg mot antatt betre motstand når Fjøra FK står på motsatt banehalvdel. Akkurat som Sogndal 2, Kaupanger og Jølster som me har møtt før i vinter så spelar og Fjøra i 3.divisjon, og har gjort det i ei årrekke. Me lyt seia at me er stolte over at me har klart å få til eit lag som er så bra at laga i fylket sin gjevaste divisjon finn det fornuftig å spela treningskamp mot oss i oppkøyringsfasen til ny sesong. Det er og ekstra moro med kamp mot Fjøra då dette truleg vil medføra live overføring av kampen på deira flotte heimesider.

Veitastrond stiller truleg med følgande lag i morgon;

Even

Øyvind - Richard - Øivind - Erlend

Emil - Helge

Arne - Bjørn - Kurt

Vidar

På benken; Jon Arne, Gøran, Jan Erik og Åsmund.

Dei som ikkje er med er; Gaute, Kenneth, Kim Andre, Frank, Geir (ei fullgod forsvarsrekke og vel så det), Morten og Øystein.

Det er meget synd at me går inn til denne kampen med eit ganske redusert mannskap då dette ville ha vore ein god test for oss dersom me hadde vore alle mann alle. Ein godt test blir det sjølvsagt uansett, men med så mange ute så vil me etter all sannsynleghet få merka trykket frå Fjøra i morgon.

Ekstra synd er det at at ex-fjør Morten Hagen ikkje får vera med då han er på HV-samling. Morten står bokført med 242 kampar for raudtrøyene, og hadde nok synes det var kjekt å stå på motsatt banehalvdel av dei morgon.

Veitastrond kjem som kjent frå ein sterk 4-1 siger mot Jølster frå forrige helg, og trass i stort skadefråvær går me til denne kampen med hovudet høgt oppe.

Fjøra FK

Veitastrond har aldri før spelt kamp mot Fjøra, men hadde 3 minnerike kampar mot Fjøra 2 tilbake i 2005. Veitastrond tapte alle desse kampane då, men me hugsar godt kampane som var prega av mykje mål, tette duellar, møkalukt og spenstige kampreferat frå begge leirar.

Dagens Fjøralag ser på pairet både sterkt og spanande ut. Dei har hatt eit aldri så lite generasjonskifte siste åra, og står no med ein stall som i all hovudsak består av spelarar frå Sogndal og omegn.

Ein av spelarane me truleg vil møta på er vår tidelgare spelar Frode Kvam. Han var som kjent vår toppscorar og årets spelar i fjor, og ovanfor Veitastrond.com innrømmer han at dette var ein treningskamp han strengt tatt kunne klart seg utan;

"Veitastrond er heilt klart det siste laget eg ville møta i ein treningskamp no. Det er berre nokre månadar sidan eg forlot klubben, og hjarta mitt bankar framleis for VIL. Dersom eg om formodning skulle scora i morgon blir det ikkje nokon jubelscener frå meg, og det er med klomp i halsen eg dreg meg attende over midtsirkelen", seier Frode som og nyttar anledninga til å helsa framatte til fansen på Leikvoll.

Følg med på fjora.no

Kampen i morgon startar kl 14:00, og går i Sognahallen.

Me anbefalar alle dei som ikkje kjem seg ut i hallen om følga med på Fjøra sine heimesider, som truleg kjem til å overføra kampen live der - kjekt for oss!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com