Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Veitastrond - Førde 2

Det er i morgon duka for eit kjempe spanande oppgjer i botn av 4.divisjon. Veitastrond tek då i mot Førde 2 på Leikvoll, og med siger her vil blåtrøyene komma seg på sikker plass på tabellen. Skulle det bli tap vil me bli verande i gjørma med heller dårlege framtidsutsikter. Forrige søndag tok me skalpen til Lærdal og forhåpentlegvis har me no funne haustformen og held fram med ny 3 poengar her. Dette vert utvilsamt den viktigaste kampen me spelar så langt i år og det er berre for spelarar og supportarar til å gjera seg klare til å tukta byfolka frå Førde.

Veitastrond stiller truleg med følgande lag;

Even

Kenneth - Geir - Erlend - Åsmund

Morten

Arne - Richard - Emil - Bjørn

Kurt

På benken; Gøran, Øivind, Gaute, Øystein, Kim Andre, Frank og Vidar.

Dei som ikkje vert med av ymse årsakar er Øyvind, Helge, Jon Arne, Jan Erik og Frode.

Det er ein del usikre kort blant dei 11 som er satt opp i startellevaren her, men forhåpentlegvis blir alle med. Blant anna er det ikkje sikkert Richard vert med då han er på ferie, og dersom han ikkje blir med vil det truleg bli LIVE-overføring av kampen her på Veitastrond.com. Dette kjem me eventuelt tilbake med seinare.

Veitastrond kjem frå ein 3-1 siger mot Lærdal og treng sårt ein ny 3 poengar mot Førde 2 her. Dersom me klarar å vinna vil me komma inn i ei gruppe beståande av Førde 2, Syril, Saga og Skavøypoll. Skulle me tapa vil me vera "stucked" på nedrykksplass saman med Eid 2.

Her skal det vinnes...

Førde 2

I vårkampen mellom desse to laga vann Førde 2 5-3 og var i realiteten aldri truga noko særleg av oss den gong. Etter den tid har imidlertid dei unge førdianarane fått det tøft og om dei held fram slik dei har gjort kan det bli ein kamp for å overleva utover hausten.

Det er vanskeleg å vita korleis lag me kan venta oss å møte i morgon. Me veit at dei mista to av sine beste spelarar i sommar, då desse gjekk på utlån til naboklubben Jølster. Dei ser heilt sikkert på dette som ein like viktig kamp som oss og ein skal ikkje sjå bort ifrå at dei stiller med eit sterkt lag i morgon.

Møt opp til match

Sommaren er byrja å bli på hell og mange feriegjester har alt pakka kofferten og reist heim. Kva passar vel betre då enn å samlast for litt sosial samvær med ein fotballkamp attåt?

Kampen start kl 15:00, inngang er kr 40,- og me ynskjer vel møtt!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com