|
Før kampen; Veitastrond - Hafslo_vil_hil/midtbanekrig.jpg)
I morgon brakar det endeleg laust igjen mellom naborivalane Veitastrond og Hafslo. Før kampen leiar Hafslo avdelinga 4 poeng føre oss, og sannsynlegvis må VIL vinna kampen om det framleis skal vera att noko spenning i toppen. Med Hafslo siger er truleg løpet køyrt for vår del.
Veitastrond har til denne kampen så godt som alle mann klare til kamp. Einaste som ikkje vert med er Per Helge Hågvar som er langtidsskadd og mest truleg fotballinvalid. Det er heller ikkje venta at Frank Robert Værn vert med til denne kampen, sjølv om han uttalde før flytting til Førde at han ville ha med seg Hafslo-kampane på hausten, så me skal aldri seia aldri.
Det mest positivt før denne kampen er at me no har fått melding frå kretsen om at Kim Andre Navarsete er speleklar til denne kampen. Han kjem dermed til å få sin debut i VIL-trøya på Leikvoll Stadion mot Hafslo - kan det verta noko større for ei einskild sjel?
I dei siste kampane har VIL-fotball prøvd seg i ein 3-4-1-2 formasjon, som solangt har gjeve 6 poeng og full pott. Denne formasjonen har fungert særs bra offansivt, men det har vore litt meir trøblete bakover på bana. Dette har trenarduoen teke fylgjene av, og til kampen mot Hafslo startar me truleg i ein 4-5-1 formasjon der fokus på deffansiv tryggleik vert det viktige. Med 5 mann på midten satsar me på å vinna krigen, og forhåpentlegvis klara å omsetta sjansane som me får. Noko første 11 har ikkje trenar Emil klar endå og han vil ha ei natt til å sova på dette. Einaste som syner klart er at kampen om plassane aldri har vore større i VIL-fotball si historie.
Faktisk så er til og med veteran Frank Heggestad meldt klar til denne kampen. Dette vil i såfall berre bli hass andre kamp for sesongen. Frank tykkjer tydlegvis at han framleis har ei stor stjerne i klubben, og i helga tok han kontakt med trenarteamet der han krevde ein spissplass(!) til morgondagens kamp. I fylgje han sjølv er han i motsetnad til dagens spissar dødeleg effektiv, noko 1 mål på 1 kamp i år skulle vera prov på. Me har vore i kontakt med hovudtrenaren for å få hass syn på det latterlege spisskravet til den aldrande midtbanekrigaren; "Eg høyrer han krev dette, men skjønar ikkje heilt kvifor"
Morgondagens motstandar Hafslo vert så absolutt inga enkelt nøtt å knekka for VIL-fotball. På årets 9 kampar står dei bokført med imponerande 9-2-0 og endå meir imponerande målskilnad på 41-6, der dei har holdt nullen i 5 matchar. I sommar mista dei to av sine beste spelarar Andreas Fardal og Fredrik Skjeldestad, og med Aurland/Lærdal 2 og Sogndal 3 i dei to fyrste oppgjera i haust hadde me eit håp om at me skulle ha knappa innpå leiinga deira allereie før denne kampen. Dette har me ikkje klart då Hafslo har vist at dei nok er det klart beste laget i avdelinga ved å vinna begge desse kampane, og mest truleg må me gjera det sjølv om draumen om avdelingssiger skal oppnåast. Uansett må Hafslo innfinna seg i å eit knapt favorittstempel til denne kampen...
Tidlegare i år endte oppgjeret mellom desse to laga 0-0 på Hafslo Stadion, medan det i fjor enda med siffera 2-3, 4-3 og 3-3. Like tett må ein rekna med at oppgjeret i morgon og vil bli. Det skal likevel takast med at på to forsøk har Hafslo endå ikkje klart å ta med seg noko poeng i frå Leikvoll, og me satsar på at denne statistikken held seg også etter morgondagens kamp.
Heilt til slutt er det verdt å ta med seg at me i morgon stiller til start med våre splitter nye blåe heimedrakter. Solangt har VIL spelt i sine svarte bortedrakter medan me har venta på at dei blåe skal verta klare. No er dei endeleg fiks ferdige, og me kan allereie no røpa at dei tek seg frykteleg bra ut på dei vakre VIL-stjernene!
Kampstart er kl 19:00, men me oppfordrar publikum om å komma tidleg for å hindra lange køar.
VEL MØTT TIL SLAGET PÅ LEIKVOLL!
|