Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Veitastrond - Hafslo

Fint lite har skjedd rundt det sportslege i VIL-fotball i påsken og spelarane har sjølv hatt ansvar for å halda formen ved like. No er imidlertid ferien over og allereie på fyrste arbeidsdagen er køyret i gang igjen. I morgon tek me nemleg turen ut på Kaupanger for å spela treningskamp mot vår erkefiende Hafslo, i det som for vår del vert sjølvaste generalprøven føre alvoret brakar laust. No skal siste finpussen leggast på verket slik at lærdølene verkeleg skal få kjenna seriestarten på kroppen fredagskvelden...håpar me.

Laget som truleg startar i morgon;

Even

Øyvind - Geir - Kenneth - Kim Andre

Morten - Emil

Arne - Bjørn - Kurt

Richard

På benken; Erlend, Frank, Gaute, Jon Arne, Øivind, Jan Erik, Åsmund, Gøran og Øystein.

Dei me veit som ikkje vert med er Helge og Vidar. I tillegg rapporterast det at spelande trenar Emil er noko rusken i kropp og sjel og vert muligens spart til denne kampen alt etter korleis formen er i morgon.

Det vert og spanande å sjå om Kim Andre klarar å gjennomføra sin fyrste kamp for året etter å ha vore satt på sidelinja heile pre-season etter at han sykla så kaldigt av framme i dalen og øydela seg i handa rundt juletider.

Dette vert altså vår siste av i alt 6 treningskampar denne vinteren. Oppkøyringa har stort sett gått slik me hadde håpa på, og me er godt nøgde med treningsgrunnlaget vårt. Kanskje litt synd at påsken kom no rett før seriestart og fekk oss ut av ein god rytme, men det var ikkje så mykje me fekk gjort med. Dei 5 førre treningskampane våre har me våre underdogs, men i morgon lyt me nok ta på oss oppgåva å vera favorittar når Hafslo ventar på motsatt banehalvdel.

Ikkje det at me tek lett på oppgåva av den grunn. Hafslo rykka riktignok ned til 6.divisjon i fjor, men det er likevel ikkje mange månadane sidan me spelte 4-4 i ein jamn kamp mot dei på Leikvoll, og me tvilar på at så veldig mykje har skjedd med dei to laga sidan den gong.

Keisamt for Hafslo

Me var noko overraska over at våre naboar måtte ta steget ned ein divisjon medan me gjekk motsatt veg.

Laget deira skulle på papiret vera meir enn godt nok til å klara seg bra i 5.divisjon, men ein lett blanding av uflaks og udyktighet i avgjerande situasjonar straffa seg sopass at dei no må ta til på eit tungt år i 6.divisjon.

Etter det me veit så er stammen i laget deira mykje likt det den har vore tidlegare, og dei vert framleis leia av spelande trenar Ole Petter Hatlevoll. Me veit ikkje så mykje om kva dei har bedreve vinteren med, men me såg dei slo Hordabø frå Bergensområde med noko slikt som 12-2 før me spelte kamp mot Fjøra. Om det seier mest om Hafslo eller Hordabø seier soga ikkje særleg mykje om.

 

Det får vera nok snikk snakk for i dag, og me oppfordrar heller liten og stor om å ta turen ut på Kaupanger i morgon for å sjå det blåe stjernegallerie i dyst mot Hafslo.

Kampen startart kl 18:15, og det kostar ikkje ei einaste krona å sjå på.

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com