|
Før kampen; Veitastrond - Hafslo

8 dagar før seriestart så tek i morgon Veitastrond turen ut på Kaupanger for å gjennomføra årets generalprøve. På motsatt side ventar nabo og erkefiende Hafslo og alt ligg til rette for ein skikkeleg godbit av ein fotballkamp. VIL har den siste tida før seriestart trent lite og når me fyrst har samlast har det vore dårleg oppmøte. Alt er med andre ord slik det skal vera og den siste veka før alvoret byrjar så lyt trenarduoen prøva å dra spelarane bort frå tv-skjermen, dansegolve, mjelkerommet eller kvar dei no måtte vera, og attende på treningsfeltet der dei høyrer heime. Fyrste del av siste del av oppkøyringsperioden startar uansett mot Hafslo i morgon den dag.
Diverre har me ikkje noko lag klart, men me veit slik ca at desse spelarane er med i morgon;
Even, Frank, Gaute, Geir, Jon Arne, Kim Andre, Øivind, Øyvind, Bjørn, Emil, Helge, Jan Erik, Kurt, Åsmund, Arne, Frode, Gøran, Richard og Øystein.
Dei me veit ikkje vert med er Erlend og Kenneth. I tillegg er det noko usikkert om Frank vert med som spelar då han kanskje må dømma.
No er det kanskje enkelte som tenkjer at jøss så mange me har med til denne kampen då... slapp av, all erfaring tilseier at ca 25% av desse ikkje møter opp til kamp. Me tippar at me har ein tropp på omlag 15 spelarar i morgon, og dette er uansett bra.
Veitastrond har spelt mange gode treningskampar i vinter og kampformen ser ut til å vera bra. Diverre har me ikkje fått trena så bra som me hadde håpa, men me vonar at dette vil komma seg i tida framover.
På motsatt banehalvdel ventar i morgon Hafslo, som er eit lag litt lengre ned i divisjonssystemet. Desse laga møttes òg i generalprøven i fjor der tidenes mest umotiverte Veitastrond lag presterte å tapa 1-6. Kanskje er det noko i det at ein skal ha ein dårleg generalprøve, og muligens kan ein vurdera om ein skal gjera det samme i år. Uansett er det alltid noko ekstra å møta nabone neom Soget, og me håpar at publikum veit å finna fram til Kaupanger i morgon.
Kampen startar kl 13:00, gratis inngang og me ynskjer store og små velkommen til relativt god underhaldning.
|