|
Før kampen; Veitastrond - Jølster
Det er i morgon klart for årets andre treningskamp for VIL-fotball. Denne gongen er det Jølster som står på motsatt side av Sognahallen, noko som betyr eit hyggeleg gjensyn med tidlegare VIL-trenar Leiv Inge Fimreite som no er sjef for jølstringane. 
Som forrige helg, har me og til denne kampen fått ein del forfall, men no blir det i allefall kamp. Assistentrenar Richard Nes har tatt ut dette laget som mest truleg startar i morgon;
Even
Ole Kristian - Øivind - Geir - Ivar
Petter - Kurt - Frank- Bjørn
Richard - Emil
På benken; Jon Arne, Frode, Vidar, Øystein, Øyvind og Sindre.
Dei som har meldt forfall til kampen av ymse årsaker er då; Gøran, Kim Andre, Gaute, Arvid, Helge, Morten, Jan Erik og Arne.
Laget som startar er heller ikkje 100% sikkert då det er ein del spørsmålstegn i i den 17 manns store troppen. Ole Kristian vert truleg med, men grunna noko flytting er han noko usikker, Jon Arne ventar framleis på at si Therese skal føda hans fyrstefødde, Kurt kjem får Strondi og der er dei framleis innestengde, Øyvind har vore skada lenge og det er usikkert om han vert med i morgon og i tillegg melder Vidar og Frode at dei begge kjem reduserte då dei skal sjekka ut nattelivet kvelden før - Frode er framleis Frode Kvam som framleis er på prøvespel hjå VIL-fotball.
Om me får med alle me reknar med så ser me at dei 6 offansive spelarane er dei samme som starta mot Syril for 14 dagar sidan. Sjølv om mange av spelarane i troppen kan brukast i ulike posisjonar er det viktig å få køyrt inn ei viss stamme, og me satsar på at me får starta med desse.
Bakover er det ein del rokkeringar. Kim Andre og keeper Gøran er på tur til Hemsedal, og me set då Even i mål. Har og vurdert å leiga inn ein keeper, men dette vert det truleg ikkje noko av. Ivar tek venstrebacken for Kim A, medan Ole Kristian tek høgrebacken frå Sindre grunna glimrande treningar den siste tida. I midten bak får Øivind med seg den nybakte faren Geir denne gongen.
Spanandre motstandar
Morgondagens motstandar Jølster vert eit nytt bekjentskap for oss, då me har aldri tidlegare møttes hverken i serie- eller treningskamp. I årets sesong er me i samme avdeling som Jølster 2, men ut ifrå det me veit så møter me i morgon fyrste laget til Jølster. Det vil i såfall seia at me møter eit av dei betre laga i fylket. I fjor var dei 2 mål ifrå å rykka opp i 3.divisjon, og i år er dei fast bestemt på å ta steget opp i fylket sin øverste divisjon. Så langt i år har dei spelt mot Kaupanger og Dale, noko som har resultert i henholdsvis 1-1 og tap 0-1.
Me gler oss og i morgon til å møta vår gamle trenar Leiv Inge Fimreite. Me hadde eit kjempe år med Leiv Inge som trenar i 2006, og me unnar han all mogleg suksess i Jølster. Likevel så hadde ingenting vore artigare om me kunne ta skalpen på vår gamle læremeistar i morgon, og visa han at me har eit meget spanande lag på gang ;)
Me oppfordrar som vanleg alle mann alle å ta turen opp i Storhallen i morgon kl 11:30 når vår favorittdommar Torstein Egil Kvam bles i gang kampen - me gler oss!
|