Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Veitastrond - Jølster

Det er då omsider klart for årets fyrste treningskamp for Veitastrond Fotball sine stolte menn. Ekstra spanande vert kampen då dette vert elddåpen til den nye trenarduoen Emil- og Kurt Heggestad. Det er naturleg nok knytta stor spaning til korleis dei nye trenarane vil disponera spelarstallen sin og korleis spelesystem dei legg opp til. Morgondagens motstandar er Jølster som held til i Firdaligaen, og dei vil heilt sikkert gje oss solid matching. For å lesa siste nytt framfor treningskampen, anbefalar me å klikka deg vidare innover på våre heimesider...

Veitastrond stiller truleg med følgande lag;

Even

Kenneth - Geir - Kim Andre - Frank

Bjørn - Helge - Emil - Åsmund

Frode - Kurt

På benken; Erlend, Gaute, Øivind, Ørjan, Øyvind, Jan Erik, Morten, Ole Christian, Arne, Gøran, Richard og Øystein.

Einaste som faktisk har meldt forfall er Jon Arne, i tillegg til Frode Kvåle som ennå ikkje har vore involvert i årets sesong. Av dei som er med i troppen er det usikkert om Richard vert med, samstundes som at Erlend slit med ein skade og lyt sjølv vurdera om han er speleklar.

Stor kamp om plassane

Hovudtrenar Kurt Heggestad kan melda om at klubben har ein stor spelarstall der samtlege spelarar er med for fullt og kjempar om ein plass på laget. På siste trening før kampen var det heile 24 mann på trening og trenarduoen har hatt eit problem av type luksus når dei skulle ta ut fyrsteellevaren. Medan mange rundt omkring slit med lite folk på denne tida er situasjon altså stikk motsatt for Veitastrond.

Om morgondagens kamp uttalar Kurt at det vil komma mange byter allereie i pausen og fortløpande utover i 2.omgang. Dei vil spesielt ha fokus på det defansive, og hovudmålet i år er å ein gong for alle få bukt med problema laget har hatt bakover på bana dei siste åra. Så gale har det faktisk vore at det vart gjennomført ein seanse med formasjonstrening denne veka - truleg den fyrste av sitt slag i VIL-fotball si historie....

Frode Kvam vil i denne kampen få sitt comeback, medan det muligens ligg an til at Ørjan Aardal kan få sin debut i VIL-trøya.

Spanande motstandar

På motsatt banehalvdel står i morgon Leiv Inge Fimreite sine disiplar på Jølster. Sist gong me møtte dei var før sesongen i fjor og den gong vann Veitastrond overraskande 4-1, i det som var ein av dei aller beste kampane me gjennomførte i heile fjor. Slik sett er me overbeviste om at jølstringane ynskjer revansje, og dei kjem heilt sikkert heil tente til denne kampen.

Det ligg med andre ord an til å bli ein rysare av ein treningskamp i Sognahallen, og me anbefalar alle våre fans om å møta opp for å sjå Kurt- og Emil Heggestad sin fyrste kamp som trenarar. Dersom Richard Nes ikkje blir med vil me tilby live-oppdatering her på Veitastrond.com, men dette kjem me attende med i morgon om det vert aktuelt.

Kampen går i Sognahallen, og startar kl 17:30. Gratis inngang...VEL MØTT!!

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com