Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Veitastrond - Kaupanger

Då er det klart for det som for vår del vert kanskje årets største happening heime på Leikvoll Stadion. Blant fleire lokale lag i årets 4.divisjon, kjem i morgon det laget me reknar som det mest lokale og dermed utgjer årets store lokaloppgjer. Kaupanger som rykka ned frå 3.divisjon i fjor er å venta å ligga heilt i toppen i årets sesong og det er ei skikkeleg nøtt me står over i morgon. Bortsett frå det sportslege har me og store forhåpningar om at det skal bli ein aldri så liten publikumstilstrøyming til Leikvoll i morgon. Heimekampane mot Kaupanger 2 har vore populære før, og når ho Åshild får fyrd opp rjomegrauten i morgon så reknar me med at folk står i kø for å få ein smakebit. Det meste skulle vera klart for folkefest på Veitastrond...

Laget som startar i morgon er;

Even

Erlend H - Kenneth - Kim Andre - Øyvind

Bjørn - Emil - Åsmund

Arne - Frode - Kurt

På benken; Erlend S, Frank, Gaute, Geir, Jon Arne, Øivind, Jan Erik, Richard og Øystein.

Den som med sikkerhet ikkje vert med er berre Gøran, som tek seg ein tur ut av tunet i helga.

Frå laget som starta mot Årdal 2 på måndag så går Geir og maestro Helge ut, og inn kjem Kenneth og Emil.

Veitastrond hadde denne veka noko så sjeldan som ei formasjonstrening, der trenarduoen gjekk igjennom nokre enkle grep som som me skal prøva å ta med oss inn i kampen. Me skal sjølvsagt ikkje røpa noko av dette her, men dersom me får til det me øvde på i morgon, så seier me berre stakkars Kaupanger.

Etter nokre kampar der me har vore noko veike, så satsar me på å vera på hogget i morgon og gje kaupsingane kamp frå fyrste spark på ballen.

Kaupanger

Blant laga i årets 4.divisjon er nok Kaupanger blant dei aller mest seriøse, og på sikt er dei kanskje einaste reelle utfordrar til Saga om å kjempa om den eine opprykksplassen. Dei tilsette før sesongen Marius Lenni Bøe som trenar og det kan sjå ut som dei prøver å bygga eit nytt lag basert på mest mogleg lokale spelar ute på Skogen.

Så langt i år står dei med 3 sigrar og 3 uavgjorte, og er så langt det mest gjerrige laget med berre 6 baklengs (mot til dømes Veitastrond sine 14)

Laga har møttest ein gong tidlegare i det me betegnar som offisiell kamp. I 2004 tapte Veitastond 4-9 mot Kaupanger i Firda Cupen, men mykje har endra seg sidan den gong. Dette var det fyrste året me hadde lag og det beste laget i 6.divisjon det året var KIL2, medan fyrstelaget deira spelte i 3.divisjon. 6 år seinare har me for lengst passert KIL2 i divisjonssystemet, og pisken sause meg så er me komne side om side med Kaupanger og går no inn til ein open kamp mot dei. Me tykkjer dette er eit flott bilde på korleis VIL-fotball har utvikla seg sidan me starta opp...

Folkefest

Så snygt terminlista var klar så ringa me rundt heimekampen mot Kaupanger som årets happening. Dette er den kampen me meinar har størst publikumspotensiale, og me vonar at i tillegg til lokale patriotar, så vil det i morgon komma mykje folk både frå Kaupanger og andre bygder i området. Når folk strøymer til Leikvoll og me får fyrd opp rjomegrauten så er ein heimkamp på Leikvoll så mykje meir enn berre fotball.

Me oppfordrar på det sterkaste folk om å møta opp på Leikvoll i morgon kl 14:00. Kle deg i blått, grønt, raudt eller samme kva du vil, berre du har med deg ei feit lommebok som du aktar å tømma borte i kiosken hjå ho Rakel.

Som vanleg ynskjer me folk VEL MØTT!!!

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com