Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

 Før kampen; Veitastrond - Kaupanger 2

I morgon inviterar Veitastrond til folkefest på Leikvoll Stadion når Kaupanger 2 kjem på besøk. Dette er kampen mellom nr. 1 og nr. 2 på tabellen, og det er duka for eit skikkeleg toppoppgjer. Kampen inngår i 5-års markeringa av Veitastrond Fotball, og med sal av rømmagraut, søndagskamp og forhåpentlegvis pent vær ventar me eit storinnrykk av folk i morgon.

Laget som startar i morgon;

Gøran

Frank - Øivind - Even - Kim Andre

Bjørn - Richard - Emil - Kurt

Vidar - Frode

På benken; Ole Kristian, Helge, Øyvind, Jan Erik, Øystein og Arne.

Geir er suspendert, Morten er på ferie, Gaute på jobb medan Arvid og Jon Arne heller ikkje vert med.

Med to sentrale midtbanespelarar (Morten og Geir) ute så lyt me nok ein gong rokkera ein del på laget. Me vel då å setta inn Richard sentralt på midten, og Øivind er då tilbake i midtforsvaret med Even. Bjørn er klar igjen frå skade og går inn i startellevaren og det samme gjeld Kim Andre som er tilbake frå suspensjon.

Veitastrond ligg no 3 poeng føre KIL2 på tabellen, og dette er ein gyllen sjanse for VIL til å hekta kaupsingane av i tetstriden i avdelinga. Samstundes er det ein tilsvarane sjanse for KIL2 og komma a-poeng med oss. All erfaring tilseier at kampane på Leikvoll lever sitt eige liv, og med den målraten og spaninga som har vore i dei 3 siste kampane våre kan publikum venta seg eit nytt drama i morgon.

Revansjelysten Kaupanger lag

Kaupanger 2 la ikkje skjul på at vårkampen mot oss var den kampen dei verkeleg ville vinna denne sesongen, men me hugsar alle at KIL2-dødaren Arne Nes satte ein effektiv stoppar for det med si 3-2 scoring mot slutten.

KIL2 byrja haustsesongen med å slå Hafslo 2-1 i Moane, for så å spela 2-2 heime mot Jølster 2. Fyrstelaget deira har mista mange spelarar, og ekspertane har spådd at dette vil få konsekvensar for andre laget og. Uansett trur me ikkje at me vil sjå så mykje til det i morgon, då Geir Erik Røysi garantert kjem til å piska sine disiplar med eit mål for auge i morgon - 3 poeng med seg i sekken heim til Kaupangerskogen.

Folkefest

Som tidlegare annonsert vert det sal av rømmagraut på Leikvoll i morgon, og dersom værgudane er med oss vert det garantert mykje folk.

Så det er eigentleg ingen grunn til ikkje å slå ihjel søndagen på Strondi i morgon.

Kampen startar kl 15:00, og me ynskjer alle VEL MØTT!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com