|
Før kampen; Veitastrond - Lærdal

Det er då omsider klart for å vakna opp frå sommarmodusen og gjera seg klar for haustsesong for Veitastrond Fotball. Dersom fotallkampar i 4.divisjon på nokon som helst måte kan kallast viktige, så har me eit par av denne sorten framfor oss no. Me har stilt oss sjølve i den posisjonen at me må til å vinna for å unngå nedrykk til 5.divisjon, og fyrste lag me skal kjempa mot er Lærdal heime på Leikvoll i morgon den dag. VIL vann våroppgjeret 3-2 inne i Lærdal og me er sikre på at det er eit revansjesugent lag som kjem på visit no. Revansjesugne må dei gjerne vera, men med det utgangspunktet Veitastrond stiller til start med så vonar me at lysta til siger er størst hjå oss sjølve.
Veitastrond stiller truleg med følgande lag;
Even
Kenneth - Geir - Erlend - Frank
Morten
Frode - Emil - Richard - Bjørn
Kurt
På benken; Gaute, Gøran, Vidar og Øystein.
Dei som ikkje vert med er Arne som soner karantene, Øivind, Øyvind og Helge som ikkje er komen attende frå ferien (trur me, kan vera at nokon av desse dukkar opp i morgon), i tillegg vert ikkje Jon Arne, Kim Andre, Jan Erik og Åsmund med... (me er forresten ikkje 100% sikre på opplysningane om kven som er med å ikkje med på benken)
Målet med morgondagens kamp er fyrst og fremst å tetta igjen bakover på bana. Dette gjer me med å prøva oss i ein nykomponert 4-1-4-1 formasjon der Morten får den viktige jobben som defansivt anker på midten. Laget får ein utfordring i morgon med å både ligga tett bakover og samstundes vera slagkraftige framover. Uansett har me gode sjansar til å rokkera om både på formasjon og spelarar undervegs...
Lærdal
Etter at me slo Lærdal 3-2 i seriepremieren gjekk desse to laga kvar sin veg. Medan me gjekk på tap etter tap så blanda Lærdal seg i tetstriden, og låg ei stund på opprykksplass. Dei har dabba litt av etterkvart og befinn seg no på ein 6.plass på tabellen.
Til saman har laga møttest 6 gonger der Lærdal har 5 sigrar mot vår eine. Frå tidlegare hugsar me oppgjera desse to laga hadde på Leikvoll med mykje dramatikk, og kven kan vel gløyma 2-5 tapet i 2005 der fyrst Even Kvam og Geir Aardal vart utvist for oss, og deretter fulgte Arvid Heggestad etter som utvist linjemann.
Det er berre 2 kampar igjen i denne runden då resten av laga spelte før ferien. Me har difor ein fin sjanse til å krappa innpå laga over.
Leikvoll Stadion
Me kan vel seia at det har vore ein tøff sommar for heimebana vår. Ein periode med for lite regn og for mykje sol gjorde at deler av bana er noko brunsvidd og spesielt det nye feltet på heimsida har fått det tøft. Uansett er me sikre på at det går fint an å spela fotball her og forholda skulle stort sett vera like for båe laga.
Kampen startar kl 15:00. og me vonar at store og små finn vegen til Leikvoll i morgon.
Det kostar kr 50,- å komma inn, og me kan i tillegg lokka med kiosksal og artige konkurransar.
|