Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Veitastrond - Saga

I morgon kveld er forhåpentlegvis jumboplassen vår ein saga blått. For etter at me har saga motstanderen i to vonar me at me står attende med 3 poeng. Jarao, jarao - til trass for dårleg poengfangst i det siste så sit som de skjønar ordspela laust og humøret er framleis på topp. I morgon tek nemleg førdelaget Saga turen til Sogn for å spela borte mot oss på Kaupanger Stadion. Med 4 strake tap burde dette vera ei fin anledning til å snu kjeringa for Veitastrond, men me reknar ikkje med at dette går av seg sjølv mot eit sterkt Saga lag.

Me stiller truleg med følgande lag i morgon;

Even

Øyvind - Kenneth - Kim Andre - Frank

Arne - Erlend - Bjørn - Helge

Richard - Kurt

På benken; Gaute, Øivind, Morten, Åsmund, Gøran, Vidar og Øystein.

Dei som ikkje vert med er då Geir, Jon Arne, Jan Erik og Emil.

Veitastrond går dermed "back to basis" og stiller i morgon i ein 4-4-2, som me hadde suksess med i fjor. I vinterens treningskampar og i starten av årets sesong har me praktisert ein meir moderne 4-2-3-1 formasjon. Denne har me til tider gjort det bra med, men etterkvart har det vore ein nedgåande formkurve, og me ser oss nøydde til å gjera grep. Forhåpentlegvis vil dette gje laget eit løft i både vårt defansive og offansive spel, som begge deler har våre dårleg i det siste.

Rutinert Saga lag

Morgondagens motstandar vert eit nytt bekjentskap for vår del, og me er spente på kva som ventar oss her. Etter det me veit så består laget av mange rutinerte spelarar, som er kjende for å vera gode ballspelarar. Heilt sikkert eit lag som om dei har dagen vil gje oss knallhard kamp i morgon.

For ein del år tilbale så spelte Saga i 3.divisjon, men valgte å trekka laget grunna at det tok for mykje tid med all reising. Dei byrja i staden på nytt i 6.divisjon, og rykka etter det opp 2 år på rad og har etter det etablert seg som eit av dei betre laga i 4.divisjon.

Kaupangerskogen

I morgon er det kunstgraset på Kaupanger som vert vår heimebane, og me vonar at flest mogleg av våre fans finn vegen ut her til kl 19:30.

Det vil og denne gongen vera gratis inngang.

Me ynskjer vel møtt.

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com