|
Før kampen; Veitastrond - Sandane

Endeleg er prosjekt "utbygging av Leikvoll Stadion" i ferd med å gå mot slutten, og me kan på ny gjera oss klare til å spela fotball her. Medan deler av heimebana vår mest liknar eit golvteppe så gjer andre små områder meir assosiasjonar til ein gamaldags potetåker. Uansett er me ikkje redde for å ta i bruk Leikvoll slik den ligg no, og den er meir enn god nok til å spela fotball på. Me reknar med fullt hus og stormande jubel i morgon, og forhåpentlegvis vil denne praktfulle ramma rundt kampen gje dei 11 som startar for Veitastrond inspirasjon til å ta med seg poeng - for det treng me utvilsamt. Mest positivt framfor denne kampen er at spelande trenar Emil Heggestad endeleg er klar igjen etter sjukdom, og han går rett inn i fyrste 11`aren.
Veitastrond stiller truleg med følgande lag;
Gøran
Frank - Erlend - Kenneth - Åsmund
Arne - Richard - Bjørn - Emil
Vidar - Kurt
På benken; Gaute, Øivind, Morten og Øystein.
Dei som av ulike årsakar ikkje vert med er; Even, Jon Arne, Geir, Kim Andre, Jan Erik, Øyvind og Helge. Kan ta med at Arne er noko usikker grunna ein skade, og dersom han ikkje vert med kjem Øivind inn på laget. Han vil då spela midtstoppar, Kennteth back og Åsmund ving.
Me sat igjen med blanda kjensler etter stortapet mot Årdal 2. VIL gjorde i og for seg ein god kamp, men grunna 10 forferdelege minutt med 4 baklengs i 2.omgang gjekk me på ein stjernesmell. Vanskeleg å seia kva som skjedde her, men me held oss til teorien om at dette var ein kollektiv svikt som me ikkje vil oppleva igjen på ei stund - ei såkalla eingongs hende altså...
Som sagt inledningsvis så er det viktig for laget å ha med Emil igjen frå start, og uansett kvar han spelar på bana vil han vera ein viktig spelar for oss.
Laget har trent godt denne veka, og med eit entusiastisk heimepublikum vonar me at alle poenga vert verande igjen framom Klubben.
Nytt bekjentskap i Sandane
Det vert nok ein kamp mot eit lag me aldri har spelt mot før. I det heile så har nok dei fleste på laget ikkje anna forhold til Sandane enn at dei har vore på russetreff der ein gong i tida, og då er det kanskje so som so med minnene...
Sandane ligg omtrent midt på tabellen og har 3 sigrar, 3 uavgjorte og 2 tap. På bortebane står dei med 2 uavgjorte og 2 tap, og me satsar på at den dårlege bortestatistikken deira vert ståande etter kampen mot oss.
Me veit vel ikkje så fela mykje om laget dette laget, bortsett frå at dei har vore i 4.divisjon nokre sesongar no etter at dei rykka ned frå 3.divisjon ca i 2006. Etter det har dei bygd opp eit nytt lag, som no er i ferd me å bera frukter. Den beste frukta som er komen fram so langt heiter Mads Wie, som er ein av dei største talenta i fylket. Angriparen var i vinter på treningsleir med Stabæk, og har truleg sikta seg inn på større mål i karreiera enn å spela fotballkampar på Veitastrond.
Årets 4.divisjon er jamn, og utifrå dagsformen kan alle slå alle. Me reknar med eit jamt og tett oppgjer i morgon, og ingen av laga bør ta noko for gitt.
Leikvoll byr opp til dans
Bana er no 10 meter breiare og nokre meter lengre enn før, og me er spente på å testa ut den "nye" bana vår.
På sidelinja står kioskdamene klare med rykande fersk rømmagraut og anna kioskvarer, og me reknar med mykje folk i morgon. I flg yr.no er det meldt sol frå skyfri himmel så det meste skulle ligga til rette for ein fin dag for fotball.
Me vonar både Sandane og dommar Inge Seglem vert med å gjera denne dagen til ein festdag for alle partar, og satsar på at me kan skapa eit flott bilete til den vakre ramma som allereie ligg klar.
Inngang til kampen er kr 50,- Sesongkort får ein kjøpt for kr 350,-
I tillegg vil vår speakerteneste lokka med spanande kamplotteri.
Vel møtt til kamp godt folk...me gler oss!
|