Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

 Før kampen; Veitastrond - Skavøypoll

Grunna dårlege vær- og baneforhold vert altså den viktige kampen mellom Veitastrond og Skavøypoll i morgon spelt under tak i Sognahallen. Dermed blir dette vår 3. heimekamp for sesongen som blir spelt på "bortebane" - ikkje så veldig gunstig for oss sjølve dette. VIL kjempar som kjendt ein innbitt kamp for å unngå nedrykk og ligg a poeng med Førde 2 før denne kampen. Polljen på si side sikra plassen i forrige runde og har ikkje noko anna enn æra å kjempa for i dette oppgjeret. Uansett er det berre å førebu seg på eit nytt nervedrama når dei blåkledde entrar bana i morgon.

VIL stiller truleg med følgande lag;

Even

Øyvind - Kenneth - Geir - Kim Andre

Bjørn - Åsmund - Helge

Arne - Richard - Kurt

På benken; Frank, Gaute, Øivind, Ole Christian, Gøran og Øystein.

Dei som ikkje vert med sidan sist er Emil som er ute med suspensjon grunna raudt kort, Frode som er på havfiske og Erlend som leikar bergensar. I tillegg må og klara oss utan Jon Arne, Jan Erik, Morten og Vidar.

Med tre nøkkelspelarar som Emil, Erlend og Frode ute lyt me nok seia at det er eit svekka VIL lag som entrar bana i morgon. Dette passar oss veldig dårleg med tanke på den situasjonen me er i. Kampen mot Skavøypoll vert ein ny cupfinale for VIL, men slik har det stort sett vore heile hausten så me burde byrja å bli vande med dette no.

Sjølv om me ikkje har noko reglar i klubben vår på noko som helst så set me pris på dei spelarane som nyttar laurdagskvelden til å sjå på Skal Vi Danse og drikka Cola Cola (òg kjendt som koke-brus) i staden for å dansa hopp-sann-sa nede i Sogndalsfjøra. Viktig no at me møter skikkeleg førebudde til dei to siste kampane og heller sparar kromspringa til etter sesongen...det var dagens, eller skal me seia årets einaste moralpreken...

Polljen utan noko å spela for

Skavøypoll gjorde oss ei stor teneste forrige helg då dei slo vår argaste konkurrent i nedrykkstriden Førde 2. Dei gjorde og seg sjølv ei teneste då dei med 3 poeng her sikra seg plass til neste års 4.divisjon ein gong for alle. Slik sett blir det spanande å sjå kor seriøst dei tek denne kampen, og om dei stiller opp med fullt lag. Det at dei ikkje har noko å spela for kan uansett slå begge vegar då dei òg kan komma med senka skuldrar og verkeleg sleppa seg lause. Trur ikkje me skal kalkulera med hverken det eine eller andre, og heller konsentrera oss om oss sjølve.

Vårkampen endre 4-3 til Skavøypoll i ein dramatisk kamp, og me håpar at me får revansjert dette i morgon.

Opnar dørane i Sognahallen

Det vart altså ikkje noko kamp på Leikvoll, og får vår eigen del er då Sognahallen beste alternativ. Det er her me trenar heile vinteren, og har gjort det no dei siste vekene, så me skulle ikkje ha all verda å tapa på dette. Skavøpoll er sikkert og godt nøgde med dette då dei tur/retur får 2 timar kortare reisetid.

Det vert ikkje noko arrangement i morgon, og det vert gratis inngang for publiken.

Me håpar at flest mogleg tek seg tid til å støtta oss i morgon i kampen for tilværelsen.

Kampen startar kl 15:00...vel møtt!

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com