Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

 Før kampen; Veitastrond - Skavøypoll 

I morgon er det duka for årets fyrste haustkamp for Veitastrond Fotball. Me kunne ha skreve at dette var på tide, men dersom me ser på korleis spelarar som er tilgjengelege etter ferien så trur eg at me droppar den linja. Det verkar som litt for mange spelarar framleis er på ferie, og den sportslege leiinga har hatt ei stor utfordring med å i det heile samla i saman 11 mann til denne kampen. Det har vore nokre telefonar rundt omkring på gardane, og dette medfører at Tarjei Nordtveit gjer comeback etter 5 år borte frå VIL-fotball, i ein alder av 36 så startar Frank Heggestad sin fyrste seniorkamp som keeper og sist men ikkje minst så kan Johan Olai Nes få sin debut på fotballbana i ein alder av 42. Med andre ord så skulle det vera vel verdt å ta turen til Leikvoll Stadion i morgon.

Veitastrond stiller truleg med følgande lag;

Frank

Øvind - Geir - Øyvind - Gaute

Bjørn - Kurt - Emil - Åsmund

Frode - Arne

På benken; Johan Olai, Tarjei og Øystein.

Dei som ikkje er med er; Even, Patrik, Erlend, Jon Arne, Kenneth, Kim Andre, Jan Erik, Gøran og Richard.

For å byrja bakerst så lyt altså Frank trø til her. Ikkje nødvendigvis fordi han er så sabla god til å stå i mål, men mest fordi han er det beste alternativet. Alle våre 3 keeperar Patrik, Even og Gøran er ute, og me prøvde faktisk å henta inn ein erstattar i siste liten, men var for seint ute med å registrera spelaren.. Dermed er me glade for at Frank tek denne utfordringa og me føler oss slik nogonlunde sikre på at dette vil gå bra.

Når det gjeld resten av startellevaren så sakna nok trenarduoen det å ha noko å velga i mellom, men når sant skal seiast så har me på papiret eit meget bra lag som ikkje står tilbake frå det me har stilt med før i sesongen.

På benken er det kanskje meir x-faktor ute å går, og foruran Øystein så sit det to karar som sitrar etter å få speletid for Veitastrond. Me kan ta ein kjapp presentasjon av desse to, for eventuelle inkjevitande lesarar;

Tarjei Nordtveit; ein 30 år gammal Stavangermann, som tilfeldigvis er på ferie i Sogn denne helga. Tarjei studerte i Sogndal tidlegare, og han spelte for VIL i 2004 - 2006 og står bokført med 25 kampar og 6 mål for Veitastrond. Han var mest benytta som venstrekant, og var kjendt for sine evigvarande dribleraid på flanken. Sidan han forlot klubben har han ikkje vore aktiv fotballspelar, men spelt litt bedriftsfotball innimellom. Korleis den fysiske formen til Tarjei er i dag veit me lite om...

Johan Olai Nes; 42 år gamle Johan Olai kan gjera sin debut som fotballspelar i morgon. Storebror til VIL-legenda Arne Nes har vore ein svoren VIL-fan i alle år, og det er nok sjølve gutedraumen han kan få oppfylt i morgon. Han har faktisk ein trening med laget bak seg, men dette var i fjor sommar så det spørs vel kor mykje utbytta frå den økta han får brukt i morgon. Som fotballspelar er han mest kjendt for å vera konge på asfalten heim på Øyna, der han stort sett spelte ball i hatt med veslebroren Arne. Når Arne ein sjeldan gong vann så fekk han ein god omgang med juling, så me trur ikkje det var så ofte at Johan Olai ikkje var sigerherre den gongen. Me tvilar vel på om Johan Olai kjem til å gje pryl til nokon av motstandarane i morgon, men uansett vert det både kjekt og intressant dersom han får sin debut i morgon.

Skavøypoll

Medan Veitastrond hentar inn spelarar som kanskje har passert middagshøgda på fotballbana så består morgondagens motstandar Skavøypoll av pur unge spelarar. Dei har hatt ein noko varierande sesong der dei ligg på 10.plass med 11 poeng. Dei byrja haustsesongen sterkt med å vinna 3-2 borte mot Askvoll/Holmedal.

Vårkampen mellom desse laga enda med 2-1 siger til Veitastrond, etter at Kurt Heggestad avgjorde kampen i sluttminutta.

For Skavøypoll sin del vert dette fyrste gong dei vitjar Veitastrond. Fjorårets kamp måtte spelast i Sogndal grunna snødekka på Leikvoll.

Vel møtt til kamp

Kampen staratr kl 14:00, og me ynskjer store og små velkomne.

I kiosken kan dei by på gryterett med deiligt tilbehør, og dette vert eit ypparleg vorspiel til stølsdagen på søndag.

VEL MØTT ALLE I HOPA!!!!

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com