|
Før kampen; Veitastrond - Syril
Etter ein god månad med trening så spelar Veitastrond årets fyrste treningskamp i morgon kl 12:00 i Storhallen. I år som i fjor byrjar me med kamp mot Syril, som i fjor haust tok steget opp frå 5. til 4.divisjon. Fjorårets kamp enda med 1-5 tap, og i år har me ambisjonar om å forbedra dette resultatet betrakteleg. Me er så heldige å ha ein brei stall og velja i, og trass i 7 fråvær har me likvel 18 spelarar tilgjengeleg der ein av desse er på prøvespel i klubben.
Laget som truleg startar er;
Gøran
Frank - Øivind - Even - Kim Andre
Geir - Petter - Kurt - Bjørn
Richard - Emil
På førehand er det bestemt følgande bytter;
I pausen; Ivar inn for Frank og Sindre inn for Øivind
Etter ca 60 min; Vidar inn for Petter og Frode inn for Geir.
Utover i kampen kjem og Jan Erik, Jon Arne, Ole Kristian og Øystein til å få speletid.
Dette er det førebelse oppsette, men me er førebudde på at det kan komma fleire fråvær eller andre ting undervegs som gjer at me endrar på oppstillingane.
Dei som ikkje er med er Arvid og Arne som begge har trappa mykje ned, Helge som er borte i heile vår grunna praksis, Øyvind vart skade på siste trening, Gaute har ikkje trena på over ein månad grunna jobbsituasjon og heller ikkje nyervervelsen Morten Hagen vert med til denne kampen.
På prøvespel
Mange stussar kanskje over kva for ein Frode som entrar bana ca ein halvtime før slutt. Dette er tidlegare Fjøra og Kaupanger spelar Frode Kvam som har trena med VIL-fotball den siste tida. Frode har endå ikkje teke ein beslutning om han kjem til å vera med oss den kommande sesongen, men me tykkjer likevel det er greitt å gje han sjansen i denne kampen.
Frode kan spela både på vingen og på topp, og er i tillegg ein knakandes kjekk kar som allereie kjenner miljøet i klubben godt. Dette er ei signering som utvilsamt vil styrka klubben betrakteleg om den skulle gå igjennom.
I tillegg til Frode vil og Kurt og Sindre få sine debutar i denne kampen.
Hard kamp om plassane
Trenarane har for tida eit luxusproblem dei aldri har opplevd makan til i VIL-fotball. Stallen er stor og brei, og kampen om plassane har aldri vore større. Spesielt på midtbana er nålauge svært trangt, og til denne kampen har me 7 spelarar som alle kunne gjort ein god jobb på sentral midtbane. Den harde konkurransen om plassane gjer til at alle mann må vera på tå hev. Her hjelp det ikkje å sluntra unna ei einaste trening utan at ein tapar terreng til konkurrentane sine.
Trass i den harde konkurransen er det likevel flott å sjå at lågånden er på topp, og alt i alt er det meste fryd og gammen i klubben for tida. Om pipen får ein annan lyd etter denne kampen gjenstår å sjå, men på førehand gledar me oss i allefall.
Kampen startar kl 12:00 og blir leia av dommar Stian Aaland. Me oppfordrar gamle og unge til å møta opp!
Kick-off party
Vil og minna alle spelarar og deira støttepartnerar om kick-off partyet i Resalandskjellaren seinare på kvelden. Her vil det bli mulighet for spelarane til å knytta band seg i mellom, og kanskje ta seg eit glas eller to. Det er og venta at Syril kampen vil bli grundigt analysert ut på kvelden, og me tek vel ikkje mykje feil om me seier at dei fleste taktiske utfordringane vil bli løyste her.
Dørene opnar kl 18:00, og er sjølvsagt berre for spesielt innviterte gjester.
|