|
Før kampen; Veitastrond - Syril

Etter 3 strake tap der me har fått 15 baklengs og vore under 0-3 til pause i kvar kamp er det no eit revansjesugent Veitastrond som gjer seg klar til årets lokalderby heime mot Syril. Eller heime og heime fru Blom, når Veitastrond spelar kamp på Sogndal Stadion føler me oss i grunn ikkje så fela heime, det blir meir fru Blom og fru Blom, fru Blom. Etter 4 serierundar i 4.divisjon veit me at her nyttar det ikkje å stå med lua i handa og venta på at motstandaren skal by opp til dans. I morgon må me gå på bana med 100% innsats og tenning og sørga for å ta våre fyrste poeng sidan serieopninga mot Lærdal. Dersom alle går ut for å blø for drakta slik Per Christensen gjorde då han spelte mot Syril2 i 2004 er me sikre på at dette går vegen for oss!
Veitastrond stiller truleg med følgande lag i morgon;
Even
Øyvind - Kenneth - Kim Andre - Frank
Morten - Åsmund
Bjørn - Helge - Kurt
Vidar
På benken; Erlend, Gaute, Geir, Øivind, Gøran, Richard og Øystein.
Dei som ikkje er med er Jon Arne, Emil, Jan Erik og Arne.
Dvs at me har så godt som alle mann tilgjengelege. Bortsett frå dei som har vore borte lenge er det berre Arne som ikkje er med i morgon, då han skada seg på trening denne veka. Dvs at trenarduoen har mange menn å velga mellom, noko som skapar hovudbry av de positive slaget. Godt å vita at dersom nokon har ein dårleg dag har me folk som kan steppa inn frå benken og gjera ein jobb for laget.
Ekstra pluss til stallen at Geir i morgon er tilbake etter nokre veker på sidelinja med skade.
Lokaloppgjør mot systrendingane
Me har vorte godt vande me lokaloppgjer dei siste sesongane, men i år er det berre ein av motstandarane som befinn seg på rett side av fjorden og det er Syril. Dei har hatt ein ikkje alt for bra start på sesongen og står med 2 poeng etter 4 kampar. Dei har tapt stygt mot Lærdal og Askvoll/Holmedal, men har tatt 2 sterke poeng mot Førde 2 og særleg mot Skavøypoll borte.
I likhet med oss er nok dei og gira til denne kampen og ein kan venta seg eit haraball av dei sjeldne på Sogndal Stadion i morgon.
Veitastrond og Syril har aldri før spelt mot kvarandre i seriesamanheng, men i 2004 var me i 6.divisjon med Syril 2. Me tok faktisk vår fyrste offisielle siger då me slo dei 4-3 borte i 3.serierunde den sesongen.
Gratis inngang
Sidan kampen ikkje går på Leikvoll har me valgt å ikkje gjera noko ut av arrangementet i morgon. Det vil seia at det ikkje vert noko kiosk salg og det vert gratis inngang. Dette gjer me for å spara oss sjølv for arbeid og heller spara dugnadsånda til me trekke fram mot Leikvoll seinare i sesongen.
Kampen startar kl 18:00, og anten du er kar, jente eller sau - går du glipp av denne kampen må du minst vera hjernedaud!
|