|
Før kampen; Veitastrond - Syril

Då er det klart for årets fyrste heimekamp for Veitastrond, men me lyt diverre skuffa dei som no gler seg til å ta turen til Leikvoll Stadion. Snøen er knapt reist, bana langt ifrå klar og me lyt difor spela denne kampen på Hafslo. Ikkje det at det har noko å seia for tenningsnivået og viljen til å vinna morgondagens lokalderby mot Syril, for det er eit heiltent VIL lag proppa av sjølvtillit som entrar bana i morgon. Friskt i minne frå fjoråret har me to sure tap mot syrstrendingane og me tykkjer det er på tide at det er dei rettmessige strendingane som vinn denne kampen no. Veitastrond går til kampen med 100% uttelling så langt, og me kryssar fingrar for at dette held seg etter den 3.serierunden òg.
VIL startar truleg med følgande lag;
Even
Øivind - Kenneth - Kim Andre - Øyvind
Gøran - Emil - Helge - Åsmund
Frode - Kurt
På benken; Erlend H, Erlend S, Frank, Gaute, Geir, Jon Arne, Bjørn, Jan Erik, Arne, Richard og Øystein.
Dvs at Veitastrond i utgangspunktet stiller til kampen med 0 spelarar på fråværslista. No er det mest sannsynleg nokon som kjem til å melda avbud/ikkje møta opp, men uansett kjem me til å stilla ein knallsterk tropp i morgon.
Frå laget som starta mot Polljen kjem Even og Frode inn, og Richard og Gaute går ut. Gøran går frå ein god kamp som keeper til å få ein fortent sjanse til å prøva seg utpå. Det er alltid godt å vita at ein har mykje folk og alternativ på benken til å endra på ting undervegs.
Veitastrond står altså med 6 poeng på to kampar. Så langt har me hatt marginane med oss, og det vert spanande å sjå om det vert like jamt i denne kampen eller om eit av laga er det andre overlegne. Me tvilar vel på det og forventar nok eit jamt og tøft lokaloppgjer.
Syril
Syril står så langt med 1 siger og 1 tap i årets 4.divisjon. Dei tapte så det sang mot Førde 2 i fyrste kamp (0-6), før dei slo tilbake med overbevisande 4-1 heime mot Gaular i forrige runde.
I fjor vann Syril begge kampane med henholdvis 4-3 og 3-2, og me lyt håpa på at VIL klarar å forbetra på denne statistikken i år.
Kampen går på Hafslo
Diverre fekk me ikke i stand Leikvoll til denne kampen. Det såg lenge lyst ut, men eit snøfall for ca to veker sidan øydela det vesle håpet me hadde. Det vart gjort forsøk på å utsetta kampen utan at dette lot seg gjera.
Kampen vert no spelt på treningsfeltet på Hafslo, og der ventar oss truleg ei tung, våt og humpete grasbane - som skapt for eit lokal oppgjer med andre ord. Me tykkjer sjølvsagt det er synd at me ikkje får spelt heimekampane våre på eige gras, då dette fyrst og fremst ikkje er samme stasen og i tillegg kostar det oss økonomisk. På den andre sida er det sjølvsagt kjekt for folk på Hafslo at dei får ein slik anledning til å sjå 4.divisjonsfotball i si eiga heimbygd, og me reknar med at dei møter opp i hopetal til denne kampen.
Kampen går på treningsfeltet på Hafslo og byrjar kl 18:00! |