Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Veitastrond - Vadheim/Høyang 2

Veitastrond er i morgon klare til å reisa kjeringi etter den daffe haustpremieren mot Breimsbygda. Då kjem Vadheim/Høyang 2 på besøk til Leikvoll for fyrste gong, og VIL har her ein unik sjanse til å skaffa seg ei luke ned til Bjørn og KIL2 på tabellen.

Laget som startar;

Gøran

Ole Kristian - Richard - Even - Frank

Øyvind - Geir - Emil - Kurt

Vidar - Frode

På benken; Øivind, Bjørn, Helge, Morten, Jan Erik, Arne og Øystein

Dei som ikkje vert med er Gaute som er på jobb og Kim Andre som soner karantene etter 3 gule kort. Arvid og Jon Arne har vore lite involvert etter ferien, og er ikkje venta å bli med her heller...

Mange stussar nok litt når dei ser fyrste 11`aren denne gongen, og det vert utvilsamt spanande å sjå korleis dette laget vil fungera saman. Etter kampen mot Breimsbygda følte me at forsvaret ikkje fungerte optimalt, og me prøver oss derfor med nokre endringar. Frank tek venstrebacken sidan Kim Andre er suspendert, og me føler verkeleg at Ole Kristian fortener sjansen på høgreback etter å ha vore ein av dei mest trufast på treningsfeltet heile sesongen. Det mest spanande blir kanskje likevel så sjå korleis Richard klarar seg i midtforsvaret saman med Even. Han vert prøvd her blant anna for å prøva å skapa ro i det bakre ledd, men og for at dette gjer at Vidar får sjansen på topp saman med Frode. Vidar har vore, til han vera, særdeles ivrig på treningsfeltet i det siste, og formen ser ut til å vera bra.

På midten får og Øyvind fornya tillit etter starten mot Breimsbygda. Han vart då bytta ut i pausen, og me er sikra på at han er revansjelysten etter den kampen. Han har og vore mykje på trening i det siste, og me tykkjer det er på sin plass å premiera dei som møter opp på trening etter trening. Eit lite spørsmålstegn er det likevel om Øyvind klarar å riva seg laus frå alle dei nye studentane som no er komne til Sogndal (?)

Sentralt får Geir sjansen saman med Emil. Han har spelt her før, og me veit at han beherskar denne rolla. Han får plassen framfor Morten, som ikkje har vore på trening i det siste og han ba sjølv om å bli satt på benken grunna dette - rederleg gjort av Morten. Bjørn hadde ein god kamp mot Breimsbygda og hadde nok starta denne kampen og, men grunna ein skade i halabeinet som tydeleg hemmar han så føler me det er best å la han kvila seg i form.

Uansett har me ein meget sterk benk, og her vil det komma endringar undervegs dersom ting ikkje fungerar som me håper!

Ung motstandar

Heimekampen mot Vadheim/Høyang 2 skulle eigentleg vore spelt i mai, men grunna mykje snø snudde me om og spelte borte fyrst. Den kampen vann me 4-1, og er kanskje den beste me har spelt i år. Hadde ikkje vore mykje å sagt på om me hadde vunne den kampen med adskilligt fleire mål...

Etter den tid har V/H2 hatt litt skiftande suksess, og dei befinn seg no midt på treet i 5.divisjon. Dei tapte noko overraskande 0-2 mot Jølster 2 i fyrste haustkampen. Den kampen var det etter det me veit eit meget ung lag dei stilte med, og me venter ikkje at så veldig mange fyrstelagsspelarar frå Høyang tek turen til Veitastrond i morgon.

Dette vert ein utruleg viktig kamp for vår del i kampen om avdelingssigeren, og med 3 poeng her har me ei luke ned til KIL2 og Bjørn på 3 og 4 poeng. Sidan kampen går på intime Leikvoll er det ingen som er meir klar over at her kan alt skje enn oss sjølve, og me ventar oss som vanleg ein tett og tøff kamp.

Kampen startar kl 19:00, og me oppfordrar heimepubliken om å møta opp å støtta laget sitt.

NB!

Spelarane må hugsa SVARTE drakter til denne kampen.

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com