Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Før kampen; Veitastrond - Vang

Veitastrond spelar i morgon sin 3. treningskamp for sesongen når Vang står på motsatt banehalvdel og er klare til å møta oss i Sognahallen. Stadig så jaktar me på vår fyrste siger og forsåvitt vårt fyrste mål og. Me ventar ikkje å få noko gratis i morgon heller, då Vang etter våre rapportar er eit habilt 4. divisjon lag som held til i regionen Indre Østland. Dei er på treningsleir i Sogndal denne helga, og me er så heldige å få dei til kamp. Alltid kjekt å få spela kamp mot lag som kjem utanbygda frå, og me ser fram til denne kampen.

Veitastrond stiller truleg med følgande lag i morgon;

Even

Gaute - Øivind - Geir - Frank

Morten - Emil

Bjørn - Helge - Kurt

Richard

På benken; Jon Arne, Øyvind, Jan Erik, Arne, Vidar og Øystein. Av desse har Vidar pådrege seg ein skade på trening i kveld og er høgst tvilsam.

Dei som ikkje vert med er Kenneth, Kim Andre og Gøran.

Det vil seia at me held fast på 4-2-3-1 formasjonen som fungerte meget godt defansivt mot Kaupanger. Dette er noko me må ta med oss inn i denne kampen samstundes som me håpar at me skal klara å skapa litt meir framover her enn det me gjorde mot KIL. Me har gjort nokre endringar på laget der Kurt og Morten kjem innatt på laget medan me gjer Gaute sjansen til å visa seg fram på backen. Me har mykje gode spelarar på benken og det kjem heilt sikkert mange byter etterkvart.

Vang FK

Me veit ikkje så veldig mykje om morgondagens motstandar, men trur kanskje dette er eit lag som er meir på vårt nivå enn det som var tilfellet med Sogndal 2 og Kaupanger. Etter det me har funne ut har Vang enda på 6. plass dei siste to åra i sin 4.divisjonsavdeling, der avdelingar på austlander erfaringsmessigt er litt bedre enn det som er tilfellet med Sogn og Fjordane.

Kampen i morgon startar kl 12:00, og burder vera eit bra vorspiel til Manchester United og Liverpool som visstnok byrjar på fjernsynsapparatet i 2-tida...for dei som måtte interessera seg for det.

Me kan tilby gratis inngang, og ynskjer alle våre supportarar velkomne til kamp.

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com