Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

Aksjonerar for Frank Heggestad retur

VIL-fansen samla i dag troppane for å samla inn underskrifter. Målet med aksjonen er å sjå Frank Heggestad attende for fullt i Veitastrond-drakta i 2008.

Hovudmannen bak dette tiltaket var VIL-fotball sin eigen bestefar; Arvid Heggestad. Han har som Frank trappa ned dei siste sesongane, og dei to har berre med få unntak halde seg borte frå fotballbana. No når Veitastrond skal spela i 5.divisjon til neste år meinar Arvid det er på tide at ein av dei to ringrevane gjer comeback, og sidan det er uaktuelt for han å satsa for fullt ser han berre ein utveg; få Frank Heggestad til å aksla VIL-trøya igjen.

"2007 sesongen har stort sett vore ein sportsleg opptur. Likvel har det svikta totalt i enkelte kampar, og særleg 1-9 tapet mot Hafslo er hardt å svelja. I slike kampar ville ein rutinert spelar som Frank gått inn og samla troppane, holdt roen og hindra at me hadde gått på slike kjempesmellar. No når me skal opp eit nivå er eg stygt redd for at det vil komma mange slike kampar, og då vil Frank vera skilnaden på ein fiasko- eller ein suksessesong.

På grunn av dette er det at eg har gått i bresjen for å samla inn underskrifter som vil bli levert til leiinga i VIL-fotball, så dei skjønnar kva fansen ynskjer. Me forventar at klubbe er villig til å bryta all lønspolitikk for å få Frank til å gjera comeback", uttalde Arvid som etter 5 og ein halv time utanfor Matkroken i plaskande budleregn allereie hadde samla inn 23 underskrifter.

Alle skriv under

"Alle som har vore innom bui i dag har sjølvsagt lagt merke til aksjonen vår, og alle støttar den sjølvsagt fullt ut. Det seier seg i grunn sjølv at er du frå Veitastrond så vil du ha Franken tilbake på bana. Einaste som ikkje har skreve under er to snikkarar frå Hafslo, som naturlegvis vil unngå at deira lag skal møta på midtbaneterrieren neste sesong. I tillegg så måtte eg ein tur på toalettet i 12 tida, og då gjekk eg diverre glipp av underskrifta til gamle Bruheimen, men eg vurderar sterkt å reisa heim på døra til han etter stengetid", seier den ivrige supportaren i det han hukar tak i Bjørn Skovly og underskrift nr 24 er sikra.

"Frank er dessutan "local lad", og dette er sjølvsagt spelarar som heimefansen set ekstra pris på. Hadde me hatt Frank saman med Emil og Bjørn som hjarte på midten trur eg beint fram at me ville blitt uslåelege"

Flott tiltak 

VIL leiinga har fått med seg kampanjen til fansen, og tykkjer at engasjementet dei viser er kjempeviktig for ein klubb som VIL. Emil Heggestad som er styreformann legg ikkje skjul på at dei vil ha Frank tilbake, men trur dette kjem mest an på kva hovudpersonen sjølv ynskjer;

"Me har heilt sidan Frank trappa ned sagt at døra alltid vil vera open for han. Ein slik spelartype ville utvilsamt vorte ein ressurs for oss både på bana og med tanke på salg av supporterutstyr.

I bunn og grunn kjem dette på kva Frank sjølv vil, men eg er overtydd om at eit slikt tiltak frå fansen berre vil styrka sjansane for å få sjå Frank i VIL-trøya neste sesong"

Det har ikkje lukkast Veitastrond.com å kommai kontakt med hovudpersonen sjøl, men me veit ifrå sikre kjelder at han vurderer å legga dommarkarriera på hylla til fordel for eit comeback. For som ein nær ven av Frank seier til oss i kveld så likar han bedre å kjefta på dommaren enn å vera den som tek i mot kjeft.

No er det berre tida som vil vise om Frank Heggestad attende i VIL 2008 vil bli ein realitet. Me trur i allefall at siste ord i denne saka ikkje er sagt....

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com