Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

Frank Heggestad er klar for comeback

På laurdagens avslutningsfest fekk Frank Heggestad tildelt den mykje omtala underskriftslista, som synte at heile 34 av bygdefolket ville ha han tilbake på bana. Eit meget imponerande tal med tanke på at lista berre har vore tilgjengeleg på Matkroken. 

Frank var tydeleg smigra av denne lista, men kunne likevel ikkje gje noko klart svar der og då. No har han imidlertid vore igjennom familieråd, og fått grønt lys hjå sine nærmaste. Dette vil seia at Frank Heggestad er tilbake for fullt på bana for Veitastrond til sesongen 2008. Dette er utvilsamt ein gledens dag både for Frank sjølv, onkel Arvid og alle andre som høyrer til VIL-familien.

I samband med comebacket sitt, har Frank sjølv valgt å gå ut med ein pressemelding. Me har som fyrste medium fått hand om denne og me er stolte over å kunne presentera den;

Hei!

Kan meddele at eg no har gitt melding til kretsen om at eg ikkje stiller som dommar
neste sesong. Og når eg ikkje skal dømme, betyr det sjølvsagt at eg skal spele. Det
har vore moro å dømme, men det er artigare med 18 lagkameratar i garderoben,
istadenfor å sittje å sture åleine som dommar. Og det er som nemt artigare å gje
dommaren inn med kjeft, enn å vere den som tek imot. Hadde og ein episode på slutten
av sesongen der eg såg meg nødt til å sende ein gode ven og kollega av bana med
raudt kort. Det var ingen god kjensle, og noko eg ikkje vil oppleve igjen, sjølv om
eg føler at avgjerdsla var korrekt.

Sidan eg bur på Hafslo, er det mest naturleg at eg og spelar fotball for Hafslo IL.
Men sjølv om det er naturleg, er det like fullt heilt uaktuelt. Eg føler eit ansvar
ovanfor Veitastrond IL sidan eg trass alt var med å starte eventyret ilag med Emil,
og eg ser nødvendigheiten med å ha eit visst antal lokale spelarar i troppen, og eg
kjenner eg verkeleg har ei klubbkjensle når eg dreg på meg strandadrakta. I tillegg til
dette er det jo ein spennande sesong når me no har rykka opp ein divisjon,
samstundes som det er fleire spanande spelarar på veg inn i klubben. (Enaste minuset
med å rykke opp er at det moglegens blir mykje søndagskampar, og eg blir då nødt til
å revurdere avgjerdsla).

Noko som og gjorde denne avgjerdsla lettare var underskriftskampanjen som vart sett
igang av min eigen onkel Arvid, og som eg fekk overlevert på fotballfesten laurdag.
Å ha lokalbefolkningen i ryggen er viktig, både for meg og laget.

Men i kjølvatnet etter prisutdelinga laurdag, der eg fekk pris som "årets sutrekopp"
(ein pris eg stiller meg uforståande til) vil eg komme med ei anmodning angåande
treningsstatistikken. Her må det vere klåre retninslinjer. Det vankar solide premiar
til vinnaren, og då kan ikkje trenarteamet lage nye reglar etter kvart som det
passar. Eg var sjølv offer for dette på dei fleste av dei 6 treningane eg var på i
fjor, der eg etter mi meining var på vinnarlaget dei fleste gongene, men ente med
ingen sigrar..  Men treningsstatistiken er ei fin ordning som eg håpar fortset også
neste sesong.(Eg reknar då med å vera med i toppen)

Ser fram til ein artig og spennande sesong i 2008.


Fotballhelsing frå

Frank "Sutrekopp", "Gamlefar","Beckham" Heggestad

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com