Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Frode Kvam går til Fjøra

Seint i går kveld tikka meldinga inn som VIL-fansen hadde håpa dei ikkje skulle få. Fjorårets toppscorar og årets spelar Frode Kvam har bestemt seg for å forlata Veitastrond etter berre ein sesong i klubben, og vert i staden å sjå attende i Fjøra drakt i 2009. Dermed er ein av dei mest suksessrike VIL-karrierane nokon sinne over nesten før den har byrja, og Veitastrond sine sesongforberdingar har fått seg ein aldri så liten knekk.

Frode Kvam kom til Veitastrond frå nettopp Fjøra før sesongen 2008. Den gongen var han lei av fotball og vurderte sterkt å legga heile karrieren på hylla. Likevel valgte han til slutt å skriva under for klubben etter eit lengre treningsopphald, noko som Frode ikkje angrar på i dag; "Sesongen med Veitastrond gjekk over all forventing både for min eigen og laget sin del. Eg stortrivdes både på og utanfor bana og etter eit år med VIL har eg no verkeleg fått lysta tilbake til å spela fotball, og eg ynskjer difor å prøva meg i 3.divisjon igjen", uttalar Frode til Veitastrond.com.

På ein sesong noterte Frode seg for 25 mål på 15 kampar, og vart lagets suverene toppscorar. I tillegg til dette var han og nest siste på 6 mål og på 6 av 7 straffar som VIL scora på så var det han som vart felt. Dermed var han direkte involvert i 37 av dei 68 måla som VIL scora i fjora og det er sjølvsagt utruleg imponerande. I tillegg til prisen for årets toppscorar fekk han og prisen som årets spelar og frå fansen var han den som fekk flest VIL-stjerner i løpet av sesongen.

Frode vart den andre ikkje-strendingen som mottok prisen som årets spelar, og i likhet med Bjarte Pedersen valgte han altså å takka for seg medan han var på topp...

Det er vel ingen hemmlighet at Frode og var tiltenkt ei sentral rolle i den kommande sesongen for Veitastrond, men no lyt nok klubben tenka alternativt på spissplassen. Frode innehar kvalitetar som ingen andre i klubben har med sin store fart og notorisk måljegeregenskapar, og det spørst kven som kan fylla denne rolla no. Pr dags dato har klubben berre to reelle alternativ på topp, men både Richard Nes og Vidar Vadseth er meir kjendt for sine stødige hoftefester enn dei er for sin store fart.

Lukke til på ferda

Frode Kvam ynskjer å takka alle i klubben for eit flott år. "Det har vore ein framifrå sesong både sportsleg og sosialt og eg forlet no ein fantastisk gjeng. Ynskjer og å takka publikum på Strondi som er heilt unike. Eg ynskjer alle i klubben alt vel i framtida"

Veitastrond Fotball skulle svært så gjerne hatt med seg Frode på laget framover, men me har sjølvsagt stor respekt for at han ynskjer å gå attende til Fjøra og 3.divisjon. Me skjønar og godt at Fjøra ynskjer å knytta til seg ein lokal spelar av den kvaliteten som Frode er, og me ynskjer Frode lukke til i hass nye klubb.

Frode har alt fått beskjed om at døra alltid vil vera open hjå oss dersom han skulle ombestemma seg, men inntil det skjer så seier me berre takk for alt du gav for Veitastrond Fotball!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com