Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Frode Kvåle - ei massiv signering for Veitastrond

Etter dårleg poengfangst og til tider lite folk klare til kamp på vårsesongen har leiinga i VIL-fotball sett seg nøydde til å gjera grep, og me har valgt å gå ut på spelarmarkedet for å sjå etter potensielle forsterkingar. Me er difor utruleg godt nøgde med å få full klaff på fyrste forsøk når tidlegare Fjøra spelar Frode Kvåle no har takka ja til å signera for klubben vår. Dette er ei massiv signering for ein liten klubb som Veitastrond, og utan å setta alt for mykje press på Frode sjølv så kunne me truleg ikkje drøyma om å få napp hjå nokon spelar me dei samme kvalitetane som han har. Overgangen blir klar i morgon, og Frode vert truleg å finna i troppen mot Askvoll/Holmedal på søndag. Veitastrond Fotball er utvilsamt ifrå seg av begeistring for å få signeringa av Frode i boks.

Frode Kvåle er 25 år (blir 26 i løpet av juli), og er så vaskeekte sogndøl som det går an å bli. For dei som ikkje veit det så er han veslebror til Daniel som var reservekeeper på Sogndal fram til i fjor.

Etter å ha gått aldersbestemt igjennom Sogndalsystemet meldte han overgang til Fjøra i 2001 og han vart etterkvart ein av dei spelarane som på mange måtar har vore grunnstammen hjå fjørene i mange år. Fram til han ga seg som aktiv hjå dei etter fjorårsesongen fekk han med seg 119 kampar og scora 39 mål. Sin mest suksessrike sesong hadde han i 2006 då han vart kåra til årets spelar og vart i tillegg toppscorar med 15 mål på 16 spelte kampar.

Som fotballspelar innehar Frode dei fleste eigenskapane ein treng på dette nivået. Han er god både med og utan ball, er kvikk til beins og har ein solid fysikk. I Veitastrond vil han truleg verta aktuell som spiss, ving og sentral midtbane.

Frode gler seg til å komma i gang

Etter over eit halvt år me total fotballfri gler Frode seg no til å ta til på livet med Veitastrond i 4.divisjon, og han kjem klar til kamp med fullada batteri; "Det skal bli godt å komma i gang igjen med fotballen no, og eg gler meg til å aksla den blåe trøya. Eg har høyrt mykje positivt om klubben og ser fram til å spela på Leikvoll framfor dei store folkemengdane som møter på heimekampane der framme", seier Frode med iver i blikket til Veitastrond.com.

Han vedgår at etter 8 år så er det tøft å forlata Fjøra, som er klubben i hass hjarta. Likevel kunne han ikkje halda fram hjå dei når motivasjonen til å trena 3-4 gonger i veka og satsa for fullt ikkje var til stades lengre; "Det ville vorte feil både for meg sjølv og Fjøra om eg skulle halda fram med det køyret som er i 3.divisjon dersom eg ikkje sjølv har lyst. I Veitastrond er det nok eit litt anna opplegg og ei anna kultur som pr dags dato passar betre for meg"

I forhandlingsprosessen mellom Frode og klubben har hovudpersonen fått nokre meget attraktive tilbod som han vanskeleg kunne sei nei til; "Assisterande trenar har lova meg gratis grillmat etter kampane, og han skryt fela over dei heimelaga potetkakene til kioskdamene. Dette var for godt til å sei nei til og eg gler meg til å smaka på godsakene deira", seier Frode medan han turkar ei av dei verste slevene sine med håndbaken...

Ein ny NAV`ar på laget

Til dagleg jobbar Frode som førstekonsulent ved NAV Økonomitjeneste på Leikanger og han deler såleis arbeidsstad med VIL-spelarane Richard Nes, Frank Heggestad og Erlend Sand. Kan tru det vert ein del heftige Veitastrond diskusjonar rundt lunsjbordet der ute om dagen...

Allereie i vinter fekk Frode eit fristiande tilbod frå Veitastrond, men han valgte då å takka nei, men opna for at han det kunne bli aktuelt til hausten. Dette hadde me sjølvsagt friskt i minne og når me kom med nytt tilbod tidleg i denne veka fekk me verkeleg fortgang i prosessen og overgangsskjemaene vart overlevert kretsen i dag. Me er godt nøgde med transferaktiviteten me har hatt den siste veka med å få inn Frode og Patrik Fritzon, og i tillegg kan me røpa sopass at me har ytterlegare ein "big fish" til på kroken som truleg vil signera i løpet av sommaren.

Utgåtte fjører? - ja, takk

Det har etterkvart vorte vanleg at me i Veitastrond har plukka opp Fjøra spelarar som har mista motivasjonen og ynskjer å trappa ned fotballkarriera. Grunnen til dette er nok at spranget frå Fjøra til Veitastrond er passeleg for dei fleste og seriøsiteten fell dei nødvendige hakka når dei kjem til oss. Me tykkjer i allefall dette er ei fin ordning, og me står klare til å fange inn fleire dersom det skulle falla fleire overmodne frukter ned frå Fjøra-treet...

I ein kommentar til Veitastrond.com uttalar hovudtrenar Emil Heggestad; "Frode er akkurat den type spelar me er på jakt etter. Ein som kan komma inn og gje oss det vesle ekstra som gjer at me vinn jamne kampar i staden for å tapa. Me i Veitastrond er både glade og stole over å signera Frode Kvåle og eg er heilt sikker på at han vil bli ein hit framme på Strondi"

Veitastrond Fotball ynskjer Frode Kvåle hjarteleg velkommen til klubben, og me er sikre på at me vil få mange flotte stunder saman =)

 

Sjå fleire bilder av Frode HER

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com