Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Frode Kvåle gjer comeback for Veitastrond

Etter det me i Veitastrond.com veit så har Frode Kvåle takka ja til å vera med VIL-fotball i haust, og det er venta at han re-debuterar mot Syril på fyrstkommande torsdag. Dermed har Veitastrond fått napp i jakta på nye spelarar, og me får akkurat den type spelar me er ute etter. Ein anvendeleg spelar som går rett inn og forsterkar fyrsteellevaren vår. I tillegg til Frode sitt comeback kan me blant anna melda om at fleire nye spelarar kan vera på veg, Veitastrond har fått nye drakter og VIL hadde ei særs velluka arrangement helg.

...men me byrjar med Frode Kvåle.

Sogndølen skreiv fyrst under for Veitastrond i fjor sommar og hadde ein suksessrik haustsesong der han var sentral då VIL klarde å berga plassen i 4.divisjon. Han fekk med seg 8 kampar og scora 3 mål der han blant anna scora 1 mål då Aksvoll/Holmedal vart slått i den siste og avgjerande kampen.

Frode er 27 år og kan nyttast både som midtbanespelar, ving og spiss. Han er fyrst og fremst eit naturleg fotballtalent, som ikkje nødvendigvis treng å jobba sokkane av seg for å oppnå suksess. I vår/sommar har han stort sett sete på sykkelsete og har blant anna delteke i ritta Bergen-Voss og vesle Jotunheimen rundt. Me reknar difor med at det er ein gjennomtrent spelar som entrar dørane på Leikvoll Stadion.

Sidan Veitastrond mest truleg ikkje skal ha noko trening denne veka så vert Frode sitt fyrste gjensyn med resten av gjengen på torsdag og kamp vs Syril.

Me ynskjer Frode Kvåle velkommen attende til Veitastrond.

Fleire spelarar på veg?

I tillegg til Frode så kan det vera fleire spelarar på veg inn dørane til Veitastrond.

I vår hadde me med oss ein student på treningsfeltet, og dersom han dukkar opp igjen til hausten så vil han truleg bli tilbydd ein kontrakt dersom han er interessert i dette. Diverre har me ikkje fullt navn på vedkommande så han forblir navnelaus inntil vidare.

I tillegg er kaupsingen Andreas Bjelde nok ein gong kobla til klubben. Andreas kjem til å trena med klubben framover og det er venta at det vert ei avklaring på Andreas si framtid om ikkje lenge.

Me kjem attende med meir info om nye spelarar så snygt me veit noko meir...

Ny skade på Patrik

Vår unge og lovande keeper Patrik Fritzon har diverre slått opp skaden som satte han ute av spel heile vårsesongen.

Den gongen var det snakk om eit beinbrot, men det er ennå uavklart om det er eit nytt brot som set han ut av spel no. Patrik vil truleg vera ute ei stund og i verste fall går han muligens glipp av heile haustsesongen.

Dette er trist for Veitastrond og ikkje minst for guten sjølv. Patrik var verkeleg på gang i Veitastrond og han imponerte stort i dei kampane han fekk med seg på vårsesongen.

Me ynskjer Patrik god betring og vonar at han er attende på fotballbana om ikkje lenge.

Nye drakter

I helga var dei nye draktene til Veitastrond klare, og dei vart nytta i kampen mot Skavøypoll.

Rapportane seier at dei nye draktene sit usedvanleg bra på kroppane til dei flotte VIL-spelarane. Etter 7-1 siger så er me så langt ubeseira med dei nye plagga, og me satsar på at dette er ein trend som vil halda fram.

Me får sjå om me kan komma attende med noko bilder av dei nye draktene etterkvart.

Vellukka helg fro VIL

Det vart ei særs vellukka helg for Veitastrond Idrettslag. Værgudane var med oss og ga oss finvær både på heimekampen laurdag og på stølsdagen søndag.

På kampen laurdag var det ca 120 tilskodarar og frå kiosken meldast det om at gryterettpannene var skrapa.

På stølsdagen var det godt over 200 mennesker til stades og både rømmagrauten og grillmaten gjekk unna som varmt hvetebrød. Alle dei 100 rutene i kyradritarbingoen vart solgt, og det meldast om eit suksessfullt arrangement.

Dette gjer sjølvsagt klingande mynt i kassen, og me takkar alle oppmøtte for støtten. Samstundes er det og på sin plass og takka alle dei som var med å planlagde og hjalp til slik at dette vart ei flott helg på Veitastrond.

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com