Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Frode Kvam er attende i Veitastrond Fotball

Rykta har gått ei stund, men det var fyrst i går at Frode Kvam ga leiinga i klubben si endelege bekrefting på at han vert Veitastrond spelar i 2010. Dermed vert re-signeringa av Frode årets fyrste signering, og dette er akkurat den type overgangar me ynskjer å identifisera oss med. Her får me ein spelar som er garantist for mål, ein naturleg publikumsfavoritt og i tillegg får me ein gut som er så tvers igjennom god at ein nærast lyt klypa seg i armen for å verkeleg forstå at det er sant. Sist gong Frode var Veitastrond spelar var i 2008, og resultatet vart den gong 25 mål på 15 kampar og kåra til årets spelar. Etter eit år med spel i Firdaligaen for Fjøra reknar me med at Frode kjem til å scora endå fleire mål for oss denne gongen og bli ein like viktig brikke som han var sist gong.

Det er med stor glede me kan presentera Frode Kvam som ny spelar for VIL-fotball!

Frode Kvam er 30 år, og feirar om ikkje lenge sin 31.bursdag. Til dagleg jobbar han som snikkar, og er busett i sitt nyresturerte husvære inne i Sogndalskvam. Her er han langt ifrå åleine, og Frode kunne på ein sms i går fortelja at valget om å signera for Veitastrond var tatt i samråd med dei på heimebane, som inneber; 70 sauer, 2 værar, hunden, høna, 13 akvariefiskar, 2 sneglar og ein sugefisk (me i Veitastrond.com er noko usikre på om kjeringa kjem i tillegg, eller om ho allereie er nevnt...)

Frode uttalar ellers til heimesidene at han ser fram til den kommande sesongen, og han gler seg til å spela under den nye trenarduoen. Han ser og særs positivt på at Kurt Heggestad har komme inn som sportsleg leiar, og han er viss på at klubben går ein meget spanande sesong i møte. Han har forhåpningar om å scora lika mykje mål som sist han var her, samstundes som han ser det som heile laget si oppgåve å læra seg å tetta att bakover i tillegg. "Eg går alltid på bana med mål om å vinna 5-0, og kampane i 2010 vert ikkje noko unnatak", seier ein optimistisk Frode til Veitastrond.com

Fornøyeleg gjensyn

Etter at Frode avslutta sin kanonsesong med Veitastrond i 2008 med å motta prisen som årets toppscorar og årets spelar, slo det ned som ei lita bombe då han valgte å gå attende til Fjøra. Lysta på å prøva seg i 3.divisjon igjen var grunnen den gong, men me er glade for at han ikkje lenger ynskjer å satsa så mykje som det krevs lenger, og altså no går attende til der han strengt tatt høyrer heime.

Ny sportsleg leiar i VIL-fotball, Kurt Heggestad, tok sjølvsagt i mot beskjeden med stor begeistring; "Eg kunne ikkje ha fått ein betre start som leiar i klubben enn det å få ei slik gladnyhende. Me har jobba ei stund med å få denne overgangen på plass, og me er glade for at me har klart å overbevisa Frode om å gjera comeback for oss. Det er no med stor tilfredshet eg ser at brikkene er i ferd med å falla på plass fram mot den kommande sesongen", uttalar ein nærast overivrig leiar medan han dansar hopp sann sa framfor pressekorpset som har møtt opp...

Veitastrond.com vil på vegne av heile klubben ynskja Frode Kvam velkommen attende til VIL-fotball - måtte du blir her på livstid!

 

For å lesa om sist gang me signerte Frode klikkar du deg inn HER... eller HER for å lesa om då han forlot oss... (som du ser er same bilde nytta i alle artiklande så her er det behov for ferske blinkskot av mr. Fronaldo)

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com