Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Frode Kvam er klar for Veitastrond

Etter å ha trena med VIL-fotball i heile år ha no Frode Kvam teke den endelege beslutninga om at han spelar for oss den kommande sesongen. Den tidlegare Kaupanger og Fjøra spelaren kan nyttast både som spiss og på vingen, og vil utvilsamt bli ei solid forsterking for Veitastrond i 5.divisjon. 

Frode er 29 år gamal og driv for tida å bygger seg hus i Sogndalskvam. Til dagleg jobbar han som snikkar ved Byggsenteret, noko som gjer han til kollega med VIL-spelarane Bjørn Molland og Ole Kristian Vikheim. Guten er etter det me veit ikkje ledig på kjøtmarknaden...:-)

I dei seinare åra er Frode godt kjent i lokalfotballen, då han har markert seg blant dei betre spelarane i fylket sin gjevaste divisjon. Fyrst med spel for Kaupanger, medan han i 2006 og 2007 spelte for Fjøra der han fekk med seg 34 kampar og scora 15 mål. På bana er han kjendt for sin hurtighet og sin nase for mål.

Trappar ned

Grunnen til at han vel å gå ned to hakk er at han har lyst til å bruka meir av fritida si på andre ting enn fotball, og då passar ein overgang frå Fjøra til Veitastrond bra som nedtrapping. I tillegg har Frode fått eit godt inntrykk av klubben i vinter, og han er imponert over det sosiale miljøet i klubben samstundes som den sportslege satsinga passar han som hånd i hanske.

Trass i at han har trena med oss fast sidan byrjinga av dette året, og spela begge våre treningskampar (og scora 2 mål) har han venta med å gje eit endeleg svar til oss, då han og har vore ønska av ei rekke andre klubbar i distriktet og.

Likevel har det lege i korta at han kom til å velja VIL-fotball framfor andre alternativ. På mange måtar kan klubbvalet hass samanliknast med å vera på resturant der ein til samme pris har tilbod om å bestilla seg ein stor og saftig biff med det beste av tilbehør eller ein tallerken med fiskebollar i kvit saus. Ikkje det at fiskebollar ikkje kan vera godt, men det vert liksom ikkje heilt det samme...

Solid forsterking

Frode føl dermed Morten Hagen frå Fjøra til Veitastrond, og saman med Kurt Heggestad så kan me konstantera at me har sikra oss 3 mann som er vande med å spela på adskillige høgar nivå, og det er lov å seia at me ventar oss store ting av denne trioen.

Det skal og takast med Frode er ein meget omgjengeleg kar, som med sitt gode humørvil bli viktig for miljøet i klubben.

Me i VIL-fotball er trygge på at Frode vert ei solid forsterking for oss, og ynskjer han <3-leg velkomen til klubben.

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com