Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Gamle Leikvoll Stadion - eit tilbakeblikk

Som kjendt så er utbygginga av Leikvoll Stadion så og seia ferdig utbygd og ferdigsådd, og me kan no berre venta på at naturen gjer sitt så Nye Leikvoll Stadion er klar for spel til neste sesong. Bak oss legg me no 5 år med seriefotball på gamle Leikvoll Stadion, og me nyttar anledningen her til å ta eit lite tilbakeblikk på historia til bana vår. Dette er mykje det samme som John Molland las opp i pausen mellom Veitastrond og Hafslo 1.september.

Sjølv om me ikkje har hatt aktivt seniorlag i bygda i meir enn 5 år har det opp igjennom alle år vorte sparka mykje fotball på Veitastrond. Før Leikvoll vart nytta som fotballbane så var og bana heime på Leirene slik som i dag, men den gang så spelte dei omtrent der som huset til Johannes Nes står i dag. Når han kom og bygde hus her måtte ein finna ein ny stad å ha fotballbane.

Det som me i dag kjenner som Leikvoll Stadion tilhøyrde tidlegare noko som heitte Leirene Sameige. Veitastrond Idrettslag fekk hand om dette området tidleg på 80-talet, men på dette tidspunktet måtte det ein del utbetringar til før ein kunne nytta det som bana og i mellomtida måtte ein ha endå ein ny stad å spela på.

Denne gongen vart bana flytta fram til meir sentrumnære strøk, eller nærare bestemt på jordet til Einar Heggestad heimom Jarven, eller rett framfor der som butikken i dag ligg om ein vil. I to somrar brukte ein dette som bana, inntil ein i 1986 endeleg kunne ta i bruk Leikvoll Stadion som arena.

Lilleputtar med stor suksess

Leikvoll vart nytta særs flittigt etter dette, men stort sett i uformelle former. Den gongen var det "kamp på bana" som gjaldt, og nesten kvar kveld heile sommaren igjennom samlast store og små og braka saman til dyst. Her var det sjølvsagt ramme alvor ute på bana, medan latteren sat laust både før og etter kamp...(mykje likt slik som me ser med A-laget i dag altså)

I perioden 1994-95 stilte Veitastrond med eige lilleputtlag, og spelte 7-ar fotball på Leikvoll. Dette laget bestod stort sett av spelarar som i dag spelar på Veitastrond, og dei hadde stor suksess dei åra laget var oppe å gjekk. Fyrste året vart dei nummer 2 i avdelinga berre slått av Sogndal, og me hugsar særs godt då laget slo nettopp Sogndal 4-3 på Leikvoll. Dette var truleg fyrste gongen dette SIL-laget tapte ein kamp, og det høyrer med til historia at sogndølene ikkje ein gong ville takka for kampen. Det ga Veitastrond spelarane blanke i, og feira sigeren med is og brus i hagen til dåverane butikkmann på Strondi, Egil Johan Nes - dette lyt me seia er gode minner å sjå tilbake på i dag!

I andre året vart Veitastrond avdelingsmeistar då dei vann samtlege kampar med suveren målskilnad. På denne tida fekk me og ein del mediaoppmerksomhet, og spesielt Øystein Heggestad sine prestasjonar var lagt merke til. Me har sett igjennom utklippsalbumet til ho mor, og i eine artikkelen så vert spelarane spurt om kva draumen deira var med fotballen - og då var svaret at det måtte vera å ein gong få eige A-lag på Veitastrond - altså ein draum som har gått i oppfylling...

A-lag frå 2004

I frå 2004 vart det som kjent starta opp eige A-lag på Veitastrond, og det var lenge stor tvil om me fekk nytta Leikvoll som vår heimebane. Johan Hilleren måtte fram med gravemaskina si, og slik fekk me utvida bana littegranne. Olav Kjos-Wenjum frå kretsen var framme fleire gonger før han til slutt godkjende bana med måla 90x50 meter. Dette var absolutt minste mål, og me fekk kun godkjent for 5. og 6.divisjonspel.

Når laget no er med i kampen om opprykk til 4.divisjon tek me ingen sjansar på å måtte risikera å spela heimekampane utanbygds neste år, og som me har skreve om tidlegare denne veka så har me takka vera gode naboar på begge sider og utbygging av elva på nedsida klart å strekka måla til ca 95x60 meter. Uansett kva divisjon me spelar i neste år vert dette utvilsamt til klubbens beste, og me gler oss alle til Nye Leikvoll er klar for spel.

Fakta frå Leikvoll

  • Det har vorte spelt 35 seriekamper på Leikvoll

  • Største siger kom mot Norane i 2007 med 19-2

  • Største tap mot Hafslo i 2007 med 1-9

  • Det har aldri enda mållaust her, og kampane med minst mål var 1-1 mot Balestrand i 2004 og 1-1 mot Hafslo i 2007.

Visste du...

...at aldri har noko lag klart å holdt nullen på Leikvoll. I samtlege 35 seriekampar har begge lag som har entra bana og klart å scora mål!

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com