Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

Gaute Olstad is back in town

Det som i fjor var meint å vera slutten på karriera vart heldigvis for VIL-fotball berre eit års pause frå fotballen. Nyleg ga nemleg publikumsfavoritten beskjed til leiinga i klubben at han var interessert å komma attende i den blåe trøya om klubben ville ha han tilbake - og det ville dei sjølvsagt!

Den populære høgrebacken står bokført med heile 34 kampar på dei 3 åra han var med, og han er mest kjend for å ha scora det fyrste offisielle målet til VIL borte mot Balestrand i 2004. Etter å ha vurdert framtida si i både eit og to år tok han til slutt steget i fjor og slutta med fotballen.

Gaute er no ferdig med studiene sine ved HSF, og han har fått seg jobb innan oljebransjen. Dette gjer til at Gaute kjem til å jobba noko slikt som 2 veker på og 4 veker av, og for å ikkje stira hol i veggen heime i Kyrkjebakken er ei gjenforening med VIL kjærkomment for både han og klubben.

Opprinneleg kjem Gaute frå Kaupanger, bur no i Sogndal men det er lita tvil om at etter mange år saman med strendingar er det her han verkeleg høyrer heime.

Me tok oss ein liten prat med Gaute angåande det gledelege comebacket;

Godt å vera tilbake i VIL-leiren?

Jepp, det er det utvilsamt. Var litt usikker på om klubben ville ha meg tilbake, men dette har gått over all forventing. Blir spanande å sjå om heimefansen vil applaudere eller pipa ut comebakcet mitt, men dette finn eg vel ut på fyrste heimekamp.

Det gjer du nok. Kvifor valde du eigentleg å forlata klubben?

Etter 3 år følte eg det var på tide å komma seg vidare i livet. Eg følte eg måtte gå mine eigne vegar, og søka lukka andre stadar. I byrjinga gjekk dette bra, og eg følte meg som ein fri mann. Men etterkvar så byrja eg å kjenne på ei kjensle som ikkje føltes rett, her var liksom noko som mangla. Dei nye vegane eg valde å gå viste seg å vera blindvegar alle i hop, og eg var på veg inn i mørket. Samstundes var eg redd for å snu, var redd at alt eg forlot ikkje var der lengre, men til sist måtte eg berre ta steget. Då eg snudde meg om var det som om det lyste mot meg. Der sto nemelg heile VIL-familien og strålte mot meg, akkurat slik dei sto då eg forlot dei. Det var sjefen sjølv Emil som kom bort til meg, tok tak i handa mi og sa velkommen Gaute, me har venta på deg. Då felte eg ei tåre og kasta meg om halsen på Emil, og like etter kom alle dei andre spelarane til og skreik i kor - we all love you Gaute, we all love you Gaute....

Heee, det var vel kanskje ikkje heilt dette som skjedde, eller?

Vel, altså. Tingen var at eg kjeda livet av meg utan VIL, og ville tilbake. Sa ifrå tIl Richard på SoHo, og då var vel det meste gjort.

Kvifor sa du ikkje det med ein gong?

Veit ikkje...

Velkommen tilbake Gaute. VIL-fotball har ikkje vore det same utan deg!!

Takk. Eg har heller ikkje vore den same utan dykk!


 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com