Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  God økonomi i VIL-fotball

Overhovudet i Veitastrond IL, Jimmy Hilleren, informerte tidlegare denne veka styreformann i Veitastrond Fotball om rekneskapstala for 2007. For vår del er dette positiv lesning, og til trass for store utgifter med drakter, utstyr, trening og reiser så kan me presentera eit overskot på kr 6.000,- i det føregåande året. Ja visst er det å driva fotballklubb reine galskap, men med kompetente folk til å styra klubben er det mogleg å gå i pluss.

Emil Heggestad informerte i går resten av styret samt våre sponsorar om den gledelege nyhenda. "Dette berre stadfestar at me driv denne klubben på ein sunn og fornufitg måte. Sjølvsagt er det alltid spanande når rekneskapsførarane våre kjem med dei endelege tala, men ærleg tala så hadde me ei viss peiling på korleis me låg an", uttalde ein tydeleg stolt styreleiar til veitastrond.com etter møtet i går. 

Han meinar at ei fornuftig bruk av ressursane er hovudgrunnen til dei gode tala. I tillegg legg han til grunne at styret heile vegen er meget kritiske til seg sjølve, og at unnasluntring på det økonomiske ikkje vert godteke, "nei det hadde me ikkje akseptert, vedkommande som ikkje gjer jobben sin vil nok gå på hovudet og røvi ut av styret, men heldigivs har me sluppet unna dette så langt. Det skuldast utelukkande at me er ein gjeng proffesjonelle folk, som samstundes klarar å halda bakkekontakten."

Sponsorane var og tydeleg nøgde med tala som vart lagt fram, og alle gav tydeleg uttrykk på at det er morosamt å vera med å støtta ein så veldreven klubb.

Sjølv om det er tidleg på året kan me allereie no sjå at 2008 mest truleg vil bli eit endå betre år for oss. Dette skuldast fyrst og fremst at me har hanka inn noko saligt med sponsorkroner, og her er det berre å takka alle våre gode støttepartnarar som vil vera med å støtta klubben vår. I tillegg vurderar me å halda kurs for andre klubbar i regionen, dersom det syner seg at det er klubbar som treng litt økonomisk veiledning.  

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com