|
Hafslo utan trenar - Frank Heggestad aktuell?_JAFK3_Veitastrond/frankviserkorleisdetskalgjerast.jpg)
Etter 3 suksessfulle år med å få Hafslo fotballen på fote igjen, og no seinast med opprykk til 5.divisjon, så har etter det Veitastrond.com veit Geir Jonny Sviggum trekt seg som Hafslo trenar. Dette vil dermed seia at vår argaste konkurrent står utan trenar, og me veit at det allereie er eit par navn på blokka hjå oppman Knut Hauge. Eit av navna som står øverst på ynskjelista til Knut skal vera vår eigen Frank Heggestad.
Det skal vera på grunn av helsa og at det tek for mykje tid at den suksessrike trenaren no har valt å hoppa av Hafslo skuta. Det var Geir Jonny som tok kommandoen etter at Hafslo hadde vore borte frå seriefotballen i eit år. Etter eit begredeleg førsteår har Hafslo vore avdelingsvinnar to år på rad, og me har ein mistanka om at Sviggum toppa trenarkarriera si med 9-1 sigeren borte mot oss i haust.
Spekulasjonane om kven den nye trenaren blir skal allereie gå hardt nede på Tune-bui, og blant dei heitaste kandidatane finn me vår eigen Frank Heggestad som nyleg har annonsert sitt comeback i VIL-trøya. Det vil i så tilfelle bli eit stort tap for oss strendingane om Frank no skulle finna på å reisa til "fienden".
Hafslo ser truleg på Frank som ein ideel erstattar, då han har lang erfaring som spelar på dette nivået og i tillegg har han og vore borti trenaryrke i Veitastrond. Om dei skulle lukkast å lura Frank frå ein av sine motstandarar vil nok ikkje det vera noko minus heller. Frank har dei sista åra budd på Hestnesfeltet på Hafslo, og vil truleg sjå på ein overgang til HIL som positivt med hensyn til mindre køyring.
Me har snakka med hovudpersonen sjølv, og det er ikkje lett å bli klok på svara han gjer; "Sidan eg nett har gjort comeback for VIL er dette i utgangspunktet heilt uaktuelt for meg. Likevel må eg seia at om eg skulle få eit tilbod vil det vera utruleg smigrande, og eg har no budd så lenge på Hafslo at eg snart er som ekte hafslobøgding å rekna, så slik sett er kanskje ein overgang til Hafslo naturleg for meg.
Det ville heilt klart vore artigt å køyrt sitt eige løp her på Hafslo i staden å alltid måtte følgja pipa til trenarduoen i VIL, som etter mi meining ikkje gjer alt heilt etter boka. Allereie etter ein knapp månad merkar eg at det er ei form for diktatur her, og er ein så syndig å seia trenar Emil Heggestad i mot kan ein like gjerne pakka sekken å dra herifrå. Faktisk er eg so langt kritisk til det meste som føregår i denne kluben", avsluttar Frank, som heilt til slutt vil stadfesta at han ikkje har fått noko tilbod frå Hafslo, og at han er innstilt på å gjera ein god jobb i VIL-trøya i den kommande sesongen.
Diverre har me ikkje lukkast å komma i kontakt med nokon frå leiinga til hverken Veitastrond eller Hafslo, men me har vore så heldige å få eit par ord frå ein Hafslo-supportar, og han er slettes ikkje negativ til at ein frå ei anna lustra-bygd skal trenar Hafslo; "Eg trur Frank kunne gjort ein kjempe jobb i Hafslo. Dessutan ville ein slik ansettelse ha vore eit steg i riktig retning angåande det å få til eit lag i Luster Kommune. Dette er ein ide eg har sete inne me ganske lenge, og om Frank hadde fått med seg ein assistent frå Gopn trur eg det berre er eit tidsspørsmål før me har samla Luster til eit fotballrike - først då skal det bli liv her i Moane".
Så gjenstår det altså å sjå om Frank får noko tilbod frå Hafslo, eller om han blir å sjå i Veitastrond trøya som venta i 2008.
|