Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

 Hafslo kampen vert framskyndt og TV-SENDT!!!!

Ja du leste overskrifta riktig - som me ymta frampå med i går så vert kampen mot Hafslo flytta fram til fyrstkommande måndag slik at me får spela denne på Leikvoll Stadion før me startar utbygginga. Ikkje nok med det; NRK Sogn og Fjordane har meldt sin ankomst og kjem til å filma og laga ein reportasje om Veitastrond Fotball og ramma rundt lokaloppgjeret mot Hafslo. Alt ligg an til å bli ein folkefest!

Grunna at utbygginga av Leikvoll Stadion tek til i den aller nærmaste framtid så gjorde me eit forsøk på å flytta den nest siste heimekampen i år mot Hafslo. Den skulle eigentleg ha vorte spelt den 9.september, men i dag takka Hafslo ja til å flytta den fram til fyrstkommande måndag (1.september) Dette tykkjer me var meget sporty gjort av Hafslo og om dei ikkje hadde takka ja ville kampen truleg vorte spelt nedpå Hafslo - så ein liten applaus frå veitastrond.com til Hafslo i dag!

NRK kjem

Ramma rundt lokaloppgjera mot Hafslo er alltid strålande, og desse kampane trekker alltid mykje folk og får mykje oppmerksomhet. Denne gongen reknar me med å toppa det heile når Arve Uglum og NRK Sogn og Fjordane kjem til Leikvoll for å laga ein reportasje.

Allereie tidleg i vinter sa Uglum ifrå om at han kunne tekna seg å laga til ei sak rundt denne kampen. Me hadde ikkje høyrt igjen noko om dette på ei stund no, og sant og seia hadde me aldri trudd at dei ville komma. Derfor er det ekstra morosamt at dei no melder sin ankomst, og PR-kåte som me er så tykkjer me dette er kjempe-nyhende og utruleg god reklame for både laget og bygda i seg sjølv.

Grilling og folkefest

For å gjera denne kvelden komplett kjem me og truleg til å fyra opp grillen på Leikvoll denne kvelden. Forhåpentlegvis er det grillkongen sjølv, Torodd Kvam, som skal syta for dette, men dette er ikkje heilt avklart ennå.

Publikum har ikkje for vane å svikta oss på Leikvoll, og med den ramma som no ligg føre oss ventar me oss eit storinnrykk av folk på måndag. Det vert heller ikkje verre av å lesa værmeldingen på yr.no, som seier;

Langtidsvarsel for Veitastrond i Luster (Sogn og Fjordane)

Måndag
01.09.2008

Lettskya 20° Svak vind, 2,0 m/s frå søraust

Lettskya. Svak vind, 2.0 m/s frå søraust. 1 mm nedbør i døgeret.

Det vil seia perfekt kampvær, og me oppmodar berre publikum om å møta opp til det som truleg blir ein av dei største dagane i Veitastrond Fotball sin 5 år lange historie - uansett resultat....

...og sjølvsagt kjem Torstein Egil Kvam for å dømma dette lokaloppgjeret!!

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com