|
Hardkøyret i gang
Sidan januar har VIL-fotball trena ein gong i veka i tillegg til eit par treningskampar. I tida fram mot seriestart kjem me no til å trappa opp intensiteten, og prøva å prikka inn formen til det heile brakar laust.
Programmet for slutten av mars, og april ser så langt slik ut;
29.mars (laurdag) - treningskamp vs Erdal
31.mars (måndag) - trening i Storhallen
03.april (torsdag) - trening i Storhallen
05.april (laurdag) - treningskamp vs Vik
08.april (tysdag) - trening i Storhallen
09.april (onsdag) - treningskamp vs Hafslo
15.april (tysdag) - treningskamp vs Balestrand
22.april (tysdag) - trening i Storhallen
26.april (laurdag) - treningskamp vs Kaupanger
29.april (tysdag) - trening i Storhallen
02. mai (fredag) - SERIESTART VS BREIMSBYGDA
I tillegg til desse datoane som allereie er fastsette håpar me på å få trena på kunstgraset på Kaupanger ein gong i veka. Me har sendt forespørsel om å få trena der på torsdagar, og datoane som då vil bli aktuelle er mest truleg 10.april, 17.april og 24.april. Dersom me ikkje får plass borte på skogen så ser me oss muligens om etter andre alternativer, eller så ser me oss nøgde med det me har.
Reknar me med dei 3 treningane på Kaupanger vil me få 13 økter fordelt på 33 dagar fram mot seriestart. På ein "normal" 33 dagars bolk ville me hatt 4 økter så her snakkar me altså om ei auke på over 200%. Det vert spanande å sjå korleis spelarane vil takla denne auken i treningar og kampar, både når der kjem til skadar (fysisk og psykisk) og oppmøte på treningar. For tida er me inne i ein meget god periode der me ligg på ca 20 mann pr trening. Dette er eit antall me vonar å oppretthalda i både treningar og kampar framover.
Dette er ein foreløpig oversikt over vår plan for april, men me gjer oppmerksame på at det sjølvsagt kan komma endringar.
|