Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Haustsesongen snart i gang

I morgon er det slutt på ferie og slaraffenliv for VIL-fotball sitt stjernegalleri. Då er det nemleg på tide å snøra på seg fotballskoa igjen, og møta opp til årets fyrste hausttrening. Til helga er det klart for kamp og då må sjølvsagt formen vera på plass.

Etter over ein månad med fotballfri så spelar me vår fyrste kamp for hausten til helga. På laurdag kjem Skavøypoll på besøk til Veitastrond, og etter dette går det slag i slag før sesongen vert avslutta den 10.oktober.

Det vert ei ekstra travel opningshelg då fotballaget er sterkt delaktige i arrangering av stølsdag på Veitastrond på søndag. Dermed vert det kamp på laurdag og dugnadsjobbing på søndag.

Godt førebudde til haustsesongen

Trenarane til Veitastrond har lagt opp eit komplisert treningsopplegg før haustsesongen startar opp. Dette består av ein trening på Hafslo i morgon, før kvar enkelt spelar vil få eit individuelt program på korleis dei skal samla mest muleg krefter til kampen på laurdag.

Hovudtrenar Kurt Heggestad uttalar til VIL-fotball at det ikkje er berre berre å snikra i saman eit slikt opplegg; "Du veit at alle er me ulike, og kvar spelar har ulike behov. Når me har gjennomført fyrste trening for hausten i morgon så veit me av erfaring at det er mykje stive musklar og ledd ute å går. Dette må lekjast til helga, og det er då me lyt sy i saman eit opplegg som passar den enkelte best. For nokon passar det best å kvila seg i form i horisontalstilling med heile kroppen, medan nokon har det best i sittestilling. Nokon har musklar som lekjast best når dei får jamnleg påfyll med brus og potetgull, og nokon har musklar som helst ikkje skal ha trening i det heile. Så det er klart ei stor utfordring for oss som trenarar og finna ut kva som passar den enkelte best"

Ingen nye spelarar

Veitastrond har hatt følarar ute etter nye spelarar i sommar, men så langt er ikkje noko konkret klart. Kurt fortel til Veitastrond at det er vanskeleg å finna spelarar som både er gode nok og som ynskjer å spela for klubben. Likevel vonar han at det vil komma eit eller to nye ansikt til VIL om ikkje lenge.

Om det dukkar opp nokon prøvespelarar på morgondagens trening vil ikkje trenaren røpa noko om, men han seier at den som møter opp får sjå.

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com