|
Helge og Øyvind tek sommarferie

Veitastrond har opp igjennom åra hatt meget god erfaring med å ha med studentar på laget. Dette er ein fin måte å inkludera studentane i lokalmiljøet, samstundes som det er nyttigt for oss andre å utvida horisonten litevetta. Einaste problemet med å ha desse utanbygds-folka på laget er når sommaren melder sin ankomst, skulen tek slutt og studentane dreg heim kvar til sitt for å tilbringa ferien heime hjå mor og far. Dette er ein situasjon som kjem like ubeleilig kvart år, men i år passar det oss ekstra dårleg. Fyrst og fremst fordi at me allereie har slitt stort med mange forfall, men og fordi at i 4.divisjon er sesongen lengre, fotballferien kortare og studentane vil i år gå glipp av fleire kampar enn tidlegare sesongar. Dette til trass så reiser no likvel Helge Skjælaaen og Øyvind Lien heim til Bergen og truleg ser me dei ikkje igjen før godt ut i haustsesongen.
Både Helge og Øyvind har spelt fast på Veitastrond så langt i år. Medan Øyvind gjekk glipp av bortekampen mot Dale har Helge spelt samtlege kampar frå start. Det er difor ingen tvil om at det er to viktige brikker me no må klara oss utan framover.
Sykkel-tour i Kragerø
Etter det Veitastrond.com har fått snusen i så går turen i helga fyrst til Kragerø der Øyvind skal vera med i sykkelløpet Tour De Kragerø. Helge på si side skal vera med som Øyvind sin mentor.
Dette er eit lite sykkelløp på ca 50 km som er fordelt på 3 etappar. Kvifor Øyvind og Helge proriterar dette framfor opning av Nye Leikvoll Stadion og heimekamp mot Sandane er for dei fleste ei gåte...
Erlend og "Bolt" blir verande
Medan bergensarane stikk av har me håp om at Erlend Sando og Øivind "Bolt" Kristiansen blir verande ut vårsesongen.
Erlend har teke til vet, og jobbar for tida på NAV. Dette skal han gjera til midten av juli, og me vil tru han reiser heim til Mandal etter dette. Forhåpentlegvis går han ikkje glipp av alt for mange kampar. Dessutan har me ein mistanke om at når han fyrst har fått ein fot innanfor NAV-systemet kan det bli vanskeleg å vikla seg ut igjen av dette...
Øivind på side har sommarferie, og er frå hausten jobbsøkande. Han skal jobba heime i sommar, men me håpar at han vert med oss ei stund til før han reiser. Guten har skaffa seg dame her i distriktet så me vil tru det er noko som held han att her. I verste fall kan me faktisk risikera at Øivind får seg jobb andre stadar, men me kryssar fingrane for at han kjem attende til hausten og melder seg speleklar for VIL igjen.
Spanande våravslutning
Med så mange spelarar ute kan avslutninga på vårsesongen bli endå meir spanande enn me kunne tenkt oss. Får me nokre ekstra skadar no så kan me faktisk slita med å i det heile tatt stilla lag framover.
Vår oppfordring til spelarane blir difor - hald dykk skadefrie.
Til dei som dreg på sommarferie seier me - god sommarferie.
|