Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Helge Skjælaaen legg seg pannekakeflat

Det er no godt over ei veke sidan VIL-spelar Helge Skjælaaen kom med sine uheldige uttalelsar der han undra på kva ein rundball er. Uttalelsane sende sjokkbølger gjennom heile VIL-fotball og skapte store overskrifter. Hovudpersonen sjølv har sidan den gong valgt å halda ein låg profil og har ikkje svart på nokon av hendvendelsane frå pressa. I dag letta imidlertid endeleg Helge på sløret, eller skal me seia rundballeplasten, og det var ein audmjuk bergensar som møtte Veitastrond.com og kom med ein appell til VIL-fansen.

Helge Skjælaaen sine uttalesar fall i dårleg jord hjå supportarane til Veitastrond Fotball. Dei fleste av dei er sjølvstendig næringsdrivande med jordbruk som forretningside, og dei vart i harnisk når ein av sine eigne spelarar synte ein sopass uvitenhet om bondeyrket. Med fare for at Helge no skal bli heimefansen sin eigen hakkekylling står han i dag fram å ber audmjukt om unnskyldning.

Her er appellen som Helge i dag hadde til VIL-fansen;

"Kjære VIL-fans.

På veg til trening den 10.september kom eg, Helge Skjælaaen, til å komma med nokre uttalelsar som i ettertid har kosta meg dyrt. Eg vedgår at det var ein tankelaus uttalese eg kom med, og sjølv om eg ikkje visste kva ein rundballe er så veit eg at eg burde ha funne ut av dette på eigenhand. På mine mange besøk på Veitastrond har eg sett mange slike rundballar, og sjølvsagt burde eg ha satt meg såpass inn i alt som er i og rundt lokalmiljøet i denne bygda som eg etterkvart er vorten så nært knytta til.

Eg legg meg 100% pannekakeflat, og eg har forståing for at desse uttalelsane vart slått stort opp i media, og at fansen tok det ille opp. Tida etterpå har vore utruleg tøff for meg, og eg har ikkje orka å snakka om dette med nokon. Med tanke på at me no er inne i ei skjebneveke med VIL-fotball der avgjerande toppkamp mot Bjørn står for tur tykkjer eg det er på sin plass å få denne saka ut av verda no. Eg vil ikkje at mine rundballe-uttalelsar skal øydelegga laget si oppkøyring til denne storkampen.

Eg vonar difor at heile VIL-fotball, med alt det innebærer no tek i mot mi utstrakte hand, og at me igjen kan dra lasset saman. Skal me ha sjanse til å slå Bjørn på søndag må me fyrst og fremst stå saman innad i klubben, og dette trur eg me skal få til.

I framtida ser eg og fram til å setta meg inn bondeyrket på Veitastrond, og eg vonar at bøndene ser fram til å få meg som gardsgut i vinter.

Ingen sure miner,

Helge Skjælaaen

SAMAN ER ME BLÅE!!"

 

Frå offisielt hald i klubben kan me opplysa om at me tek i mot Helge si unnskyldning, og at saka no for vår del er død. Me vonar at VIL-fansen har samme syn på saka, og at me no kun fokuserer på det som skal skje ute på bana søndag.

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com