Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Historien om Veitastrond.com 2007

Veitastrond.com har no vore igjennom sitt fyrste år, og me ser no litt tilbake på tida som har gått.

Det heile byrja ein dag i september 2006, når dåverande vev-ansvarleg Frank Heggestad var gått lei og han var på jakt etter sin arvtakar på clix.to/vilil. Etter fyrst å ha fått nokre avslag på si jakt så lukkast han omsider då han ein dag spurde Richard Nes på kontoret ute på Leikanger. "Tjaaaa", tenkte Richard, "det kan eg no alltigens, men berre viss eg får lov til å laga flunkande nye sider med ny addresse, og heilt fri for reklame og pop-ups".  "Gjer nett kva du vil, du får frie tøylar", svarde Frank (berre eg vert kvitt dette ansvaret, tenke han stille for seg sjølv)

Gøran viste veg

Einaste problemet no var at den nye vev-ansvarlege aldri i sitt liv hadde vore borti noko som hadde med laging av heimesider. Riktignok hadde han brei erfaring med vanleg nettsurfing og hypping skriving i diverse diskusjonfora, men aldri før hadde denne karen sjølv skapt noko kreativt for internettet. Utan heilt å vita korleis han skulle komma i gang tok han kontakt med VIL-keeper og dataxpert; Gøran "x-feitn" Fimreite. Han jobbar med data til dagleg, og hadde sjølv laga si eiga heimeside i www.sognasnadder.com (ei ikkje lenger oppegåande side). Soleis vart Gøran sine råd verdifulle i utforminga av veitastrond.com, og underteikna gjorde som Gøran sa. Reise inn på www.one.com, og bestile meg eit webområde som kostar ca eit par hundrelappar i året.

Ut i frå one.com nytta eg eit program som heiter for File Manager. Dette programet er ekstremt enkelt å nytta, og kan sikkert anbefalast for alle nybegynnarar. Imidlertid er det ikkje det mest avanserte, og det har sine klare begrensningar. Til dømes går det ikkje å laga eigen standard meny som kan endrast på eit blunk. Skal hovudmenyen ovanfor endrast må ein faktisk gå inn på kvar enkelt side å endra, ein forholdsvis omfattande og vanvittig keisam jobb då det etterkvart er fleire hundre sider her på veitastrond.com.

Offisiell opning 31.oktober 06

Den aller fyrste artikkelen vart skreven 25.september 2006, og handla om at Bjarte Pedersen var årets spelar. Logoen som her vart nytta var faktisk stolen i frå Swindon Town sine heimesider. Etterkvart vart det laga til ei eiga historikk side, som tek for seg historien år for år, klubbrekordar og maratontabell. Ei side som pr i dag står tilbake som det vevansvarleg er mest nøgd med.

Den 31.okt slapp Frank bomba på clix.to/vilil at han no ga ansvaret vidare til Richard og veitastrond.com. Etter dette balla det berre på seg, og meir og meir tid vart nytta til å forbetra og oppdatera heimesidene. Det skal ikkje vera nokon stor hemmeleghet at min betre halvdel mang ein gong har hatt mest lyst til å kasta heile datamaskina ut av glaset då eg har hatt nasen i skjermen omtrent 24 timart i strekk.

Dette var meint som ein liten historie om korleis heimesidene til VIL-fotball kom til. Vev-ansvarleg hadde ikkje mykje snøring då han byrja på oppgåva, og framleis er alt laga på absolutt amatør nivå. I staden satsar me på å oppdatera sidene hyppigt, og vonar at det me formidlar er tilstrekkeleg til at folk vel å koma attende til sida dagstøtt.

Vev-redaksjonen tykkjer i allefall det har vore eit artigt år med både klubben og heimesidene, og me vonar at året som kjem vil bli vel så bra. Satsar på eit produktiv år, der me kan halda fram med å presentera alt av nyttig og ikkje minst unyttig informasjon om verdas kjekkaste fotballklubb Veitastrond!

Besøkstal for året som gjekk

Til no har me presantert antall treff på heimesidene for kvar månad. Antal treff vil i dette tilfellet mest sannsynleg seia noko om kor mange sider som har vorte opna på veitastrond.com. Altså om man klikkar inn på www.veitastrond.com, også vidare til nyhende tel dette 2 treff. Det høgaste antall treff me hadde på ein månad var i juni, då me hadde heile 4989 treff.

Oversikt over alle månader 2007;

Månad Treff
Des 2007 2436
Nov 2007 2774
Okt 2007 3952
Sep 2007 4612
Aug 2007 3808
Jul 2007 3072
Jun 2007 4989
Mai 2007 4166
Apr 2007 2567
Mar 2007 2889
Feb 2007 1962
Jan 2007 1425
2007 38652

Noko som kanskje hadde gitt eit vel så bra inntrykk av kor mange som er innom er antal unike gjester. Dette vil seia kor mange ulike datamaskiner som har vore innom sida vår. Diverre så kan eg ikkje sjå at denne funksjonen er å finna på statistikken delen på one.com, så då gidda me ikkje bry oss noko om denne.

Veitastrond.com takkar alle sine brukarar for at det har gidda å besøkt oss i 2007, og me ser fram til eit spanande 2008 i lag.

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com