Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Oppdatert historikk etter vårsesongen 2010

Tidleg i sommar lovte me at me skulle komma attende med oppdaterte rekordar og historikk her på Veitastrond.com. Sidan det no berre er ein dag igjen av fotballferien er det på tide å halda det ein lovar, og her kjem difor alt det du måtte ynskje deg av tal og statistikkar, oppdatert pr. dags dato.

Spelarstatistikk vårsesongen

Navn Kampar Mål Assist VIL-stjerna Gule kort Raude kort
Åsmund Øgar 12 5 3 11 1  
Kurt Heggestad 11 9 7 13 2  
Frode Kvam 11 9 2 6    
Richard Nes 11 1 1 2    
Kim Andre Navarsete 10 3   8 3  
Bjørn Molland 10 1 2 5 2  
Øyvind Lien 10 1   5    
Øivind Kristiansen 10     3 2  
Emil Heggestad 9   4 4 3  
Kenneth Mo 7 1   4 1  
Even Kvam 7     3    
Helge Skjælaaen 6 4 2 3 1  
Gaute Olstad 6   1      
Erlend Sando 6     1 1  
Gøran Fimreite 6     1    
Arne Nes 5          
Geir Aardal 5          
Erlend Hagen 5     1    
Frank Heggestad 4       1  
Patrik Fritzon 3     2    
Øystein Heggestad 2          

Maratontabell

Denne finn du HER

- det er no spelt 106 offisielle kampar, scora 390 mål, samla 150 gule og 14 raude kort.

- Richard Nes står framleis med flest kampar. Han har spelt 105 kampar, og gjekk glipp av sin fyrste kamp nokon gong då me spelte borte mot Eikefjord i vår.

- det er no 62 spelarar som har aksla den blåe trøya sidan starten i 2004. Sidan forrige oppdatering er Erlend Hagen einaste nye på denne lista.

- Bjørn Molland treng berre 4 kampar for å bli den andre spelaren som rundar den magiske 100 grensa. Han vil truleg oppnå dette tidleg på haustsesongen om ikkje noko uforutsett skulle henda. Emil Heggestad kan og oppnå 100 kampar denne sesongen, men då må han spela i samtlege av dei 11 haustkampane.

Rekordar

Oppdaterte klubbrekordar finn du HER

Dei nye rekordane sidan sist;

- tangering av største tap nokon sinne med 0-8 vs Førde 2

- tangering av flest sigrar på rad med 5. VIL vann dei to siste kampane forrige sesong og dei 3 fyrste denne sesongen.

- flest spete kampar; Richard Nes med 105

- fleste scora mål; Richard Nes med 74

- fleste gule kort; Frank Heggestad med 19 (Frank har omsider rista av seg Geir Aardal, og tronar no på toppen åleine)

Motstandartabellen 

Denne kan du sjå HER

Denne viser;

- på våre 104 seriekampar står Veitastrond bokført med 47 sigrar, 14 uavgjorte og 43 tap. Me har ein målskilnad på 378 - 347. Noko som gir eit snitt på ca 7 mål pr kamp.

- me har spelt mot 27 ulike lag

- Sogndal 3 er det laget me har tatt flest poeng mot, og dei er saman med Hafslo det laget me har spelt mot flest gonger.

- det er no 5 lag me aldri har tatt poeng mot. Førde 2 er det laget me har dårlegaste statistikk mot med 3 kampar, 3 tap og -11 i målskilnad.

- Kaupanger er det einaste laget me aldri har scora mot, men så har me og berre møtt dei eing gong.

Trenarstatisikken

Denne finn du HER

- sidan Kurt og Emil Heggestad er likestilte trenarar har me laga til dei som eiga linje på statistikken vår.

- ellers lite nytt her, og den viser framleis at Leiv Inge Fimreite har høgaste gjennomsnitt med 1,83 og Frank Heggestad har lågaste snitt med stusselege 1,21 poeng i snitt pr kamp.

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com