|
Jogging gjer 1 poeng

Når ein les overskrifta på denne artikkelen skulle ein kanskje tru at Veitastrond.com har skrudd på reptisjonsknappen, når ein les overskrifta på denne artikkelen skulle ein kanskje tru at Veitastrond.com har skrudd på reptisjonsknappen...men det har me ikkje. Dette er meir ei presisering på reglane som me publiserte tidlegare i veka om jogging på torsdagar som gjer alle dei som gjennomfører 1 poeng på treningsstatistikken vår. Denne regelen skulle etter vårt syn vera enkel å forstå, og for dei fleste spelarane virkar det og som at det er nettopp det. Likevel finst det unntak, og det er kanskje ikkje så overraskande at det er superveteran Frank Heggestad som har litt problem med å skjønna seg på reglementet vårt.
Som kjendt hadde VIL-fotball si fyrste joggeøkt på torsdag denne veka. Reglane var klar i henhold til poeng; dei som ikkje møtte på fellesøkta kl 17:00 måtte melda frå om at dei hadde gjennomført ei joggeøkt på samme dag som resten for å få poeng. Dette fungerte stort sett bra, og det møtte opp ein fin gjeng utanfor Lægreid og ut over kvelden tikka det inn nokre meldingar om spelarar som hadde gjennomført økta på eigenhand.
Tuta forbi
Dei som møtte på Lægreid kl 17:00 utsette starten med 10 minutt slik at eventuelle ettersleparar skulle få sjansen til å vera med.
Etter dette kom me godt i gang og spurta i veg ut mot Kjørnes. Me var berre kommen til 50 sona ved Solhov då me høyrde ein bil som tuta bak oss. Me snudde oss og vart lettare sjokka når me såg at dette var VIL-spelar Frank Heggestad som ikkje hadde tid til jogging, men som tilfeldigvis hadde tid til å køyra forbi oss i bil og i tillegg vera frimodig nok til å berta med hornet.
Jaja tenke me; "Guten tek seg vel ein joggetur på Hestnes seinare i kveld..."
Sykkeltur på loftet
Noko overraskande kom det ingen melding frå Hestnes om jogging denne kvelden, og me tenkte at poenget var "long gone" for Franken. Det var då nesten som me i redaksjonen i Veitastrond.com datt ut av kontorstolen når følgande melding kom inn ved lunsjtider på fredagen; "Du får legga til 1 poeng på treningsstatistikken på meg, då eg tok meg 45 min på ergometersykkel i jaftes"
Må innrømma at me vart lettare sjokka, men me tenkte me oss sjølve at me får la det gå for denne gongen og heller presisera reglane til neste gong - for å få poeng må ein jogga, og me kan ikkje godkjenna alle andre former for fysisk aktivtitet.
I dette tilfellet reagerar me og på at Frank krev poeng for sykling på ergometersykkel når han tidlegare har vore ein aktiv motstandar mot at andre VIL-spelarar melder seg på spinningtimar. "Er ikkje det litt vela feminint?", har vore den vanlege pipen frå Frank i slike sakar...
0 poeng til andre aktivitetar
Etter at Frank fekk godkjent 1 poeng for sykkling på ergometersykkelen sin har det i kjølevatnet av dette komme inn ei rekke meldingar frå andre spelarar som og vil ha poeng for sine aktivitetar. Diverra har me sett oss nøydd til å avslå ein del av desse henvendelsane.
Blant anna så fekk ikkje Øyvind Lien poeng for 25 minutt med heftig diskodans på Meieriet, Kurt Heggestad fekk heller ikkje godkjent for 1,5 time med intens fjøsstyr på Elvabakkane og me kunne heller ikkje godkjenna Øivind Kristiansen sin søknad om poeng for 2 x 5 min med pardans heime i Stedjeåsen.
Veitastrond.com vonar at denne artikkeln er oppklarande for våre spelarar, og at alle respekterar at dei må ut å jogga for å få seg 1 poeng på treningsstatistikken neste torsdag.
|