|
Velfortent heider til Johannes
Det var med stor glede at vener av Veitastrond i dag opna Sogn Avis, eller rettare sagt snudde Sogn Avis og las på baksida. Der får nemleg vår fantastiske banemann dagens juleglede av avisa for sin innsats med å styra og stella med Leikvoll Stadion. Dette tykkjer me i klubben er utruleg fortent og når Johannes ikkje vil ha noko oppmerksomhet rundt sin innsats ellers så er det berre på sin plass at folk flest får sjå korleis innsats han gjer for oss gjennom lokalavisa. Utan Johannes ville det vorte vanskeleg å driva denne klubben som me gjer i dag, og me set sjølvsagt enormt pris på alle dei timane han nyttar på Leikvoll. Me vonar no at denne julegleda gjer Johannes ekstra inspirasjon til halda fram arbeidet med bana også i dei kommande sesongane.
Me har scanna inn dagens bakside av avisa, og gjer dermed brukarane våre sjansen til å sjå dette. Kvaliteten er ikkje den beste og deler av dette er nok uleseleg, så me anbefalar difor alle som ikkje har skaffa seg dagens utgåve av Sogn Avis om å gjera nettopp dette.

|