Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Jonny takkar for seg

Jonny Ølnes spelte i går sin siste kamp for Veitastrond etter å ha vore med heilt sidan VIL starta opp med lag i 2004. Han er den einaste spelaren som har vore med frå starten av som ikkje hadde strandablod i årene, men etter 4 år i den blå drakta er me no rimeleg sikker på at Jonny føler seg som ein av oss.

Han enda til slutt opp med 40 offisielle kampar for VIL. Det vil seia at han berre har gått glipp av 10 kampar på dei 4 sesongane han har bak seg. Det var sjølvsagt utruleg artigt for Jonny at han fekk si etterlengta scoring i siste opptreden mot Norane i går kveld. Han har vore nær scoring mange gonger før, og alle i VIL miljø gleda seg i går over at han endeleg fekk hol på byllen.

Jonny har heile vegen vist ein enom klubbfølelse for VIL, og sjølv om han har måtte finna seg i sitta nokre kampar på benken eller spela "out of position" på backen så har han alltid møtt trufast opp både i kamp og trening, og alltid gitt 100%.

No tek Jonny med seg familien og flyttelasset og reiser til Tyrkia. Planen er at dei skal bu der nede i ca 2 år til eldstemann skal byrja på skulen. Jonny skal i første rekke driva eit firma som har med transporteing av bagasje til og frå flyplassen, men det skulle ikkje forundra mange om Jonny snart er å sjå på bana i Süper Lig i staden!

I samtale med Veitastrond.com vil Jonny gjerne nytta høve til å takka alle medspelarane og ikkje minst publikum for 4 fantastiske år i den blåe drakta."Det har gjeve meg så utruleg mykje, og vore med å forma min identitet", uttalde ein bevega Jonny før han brast i tårer.

Me i VIL-fotball takkar Jonny for framifrå innsats gjennom 4 år, og ynskjer deg og dine god tur og lukke til i Tyrkia. Du vil naturlegvis alltid vera velkommen på treningsfeltet vårt om du skulle flytta heim eller vera heime på ferie!

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com