Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Kenneth Mo er klar for Veitastrond

Det har vore stilt på transferfronten til VIL-fotball i vinter, men no er me glade for å kunne presentera vår fyrste signering. 24 år gamle Kenneth Mo frå Sogndal har vore med å trena med klubben sidan i fjor haust, og no syner alt klart for at han kjem til å aksla den blåe trøya i 2009. Kenneth er tiltenkt ei rolle i den defansive biten av spelet vårt, og han kjem fyrst og fremst til å bli aktuell på ein av backane. Vårt nye stjerneskot er kjendt for sin herlege energiske spelestil, som heilt sikkert vil gjera han til ein publikumsyndling på Leikvoll Stadion.

Kenneth Mo fekk sin fyste smak på VIL-fotball i fjor haust då hass agent Gøran Fimreite tok han med på nokre treningar. På dette tidspunktet var ein overgang uaktuelt grunna jobbsituasjonen hass, men no har dette ordna seg og han er klar til å yta 100% for oss.

24 åringen som er ekta sogndøl har tidlegare spelt for Sogndal 3, Fjøra og Vik og har soleis god erfaring frå seniorfotballen. Han har ikkje vore aktiv sidan 2006 sesongen, men me er sikre på at Kenneth snygt vil komma seg opp på det nivået som trengs for å henga med.

Allereie fått sin debut

Kenneth har allereie fått sin debut i VIL-trøya då han spelte 2.omgangen i treningskampen mot Sogndal 2 forrige helg. I denne kampen var han så absolutt ein av dei som imponerte for oss, og han fekk vist litt av kva han har å by på. I spelestilen kan han minna litt om Even Kvam, og VIL-fansen kjem heilt sikkert til å setta pris på vår nye spelar. Etter kampen mot SIL2 hadde Mo brannsår stort sett over heile kroppen, noko som skulle vera prov på at han gjer 100% og vel så det.

I utgangspunktet er Kenneth tilteinkt å kjempa om ein plass på backen, men ein skal ikkje sjå bort ifrå at me vil få sjå han på midststoppar plass og i løpet av sesongen.

Veitastrond Fotball ynskjer Kenneth Mo hjartleg velkommen til klubben, og me håpar me får mange fine stunder saman.

 

* på bildet ser me Kenneth Mo saman med sin agent Gøran Fimretie.  I følge Gøran er dei her på veg mot Statoil for å riva i kvar sin x-tra store hamburgarmeny...

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com