Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

 Kaupanger 2 gjorde jobben for Veitastrond

Det vart ulideleg spanande for alle i og rundt Veitastrond Fotball i dag, då Kaupanger 2 i dag gjorde jobben for oss og spelte uavgjort 2-2 borte mot Bjørn. Med siger til Bjørn i dag ville dei allereie vore klare for 4.divisjon, men med uavgjort vert det heile no avgjort i innbyrdes oppgjer mellom Veitastrond og Bjørn neste søndag. Alt er no duka for årets fotballkamp, og me håpar på eit fyrverkeri både på og utanfor bana.

Det såg lyst ut for oss då Kaupanger 2 tok leiinga inne i Gaupne etter 20 min, men berre 5 minutt etterpå utlikna heimelaget til 1-1. Rett før pause gjekk så Bjørn opp til 2-1, og lenge hadde dei begge føtene planta i 4.divisjon, men så 15 minutt før slutt utlikna Geir Ove Engebø frå krittmerke for Kaupanger 2. Dette resultatet holdt seg heilt inn, og dermed kunne ikkje Bjørn feira opprykket i kveld slik dei nok hadde håpa på.

Vår mann på Kaupanger 2, Andreas Bjelde, fortel om ein tett og jamn kamp i Gaupne i dag; "Me hadde full kontroll på kampen heilt til Bjørn utlikna til 1-1 etter eit skikkeleg råtamål. Deretter tok Bjørn over kampen, og fekk 2-1 scoringa si rett før pause. I 2.omgang heva me oss igjen, og eg tykkjer at 2-2 var eit ok resultat i dag"

Andreas er Kaupanger mann tvers igjennom, men legg likevel ikkje skjul på at han har Veitastrond på ein god andre plass på lista over sine favorittklubbar. Tidlegare i år vann han ein konkurranse her på veitastrond.com, og vart då den stolte eigar av ei av våre råflotte VIL t-skjurter. Denne skjurta hadde han på seg under oppvarminga i dag, og han trur det var det som gjorde at dei klarde å ta poeng i dag "Ja, så absolutt. VIL-skjurta gjer meg ro i sjela, og tru på eigne ferdigheter - så den er viktig for meg på idrettsarenaen, men i livet ellers og forsåvitt. I dag spelte eg med grøn drakt, men under var nok hjarta mitt blått. Utan at eg skal snakka for mine lagkameratar så trur eg nok det var fleire på KIL2 som følte det slik i dag."

Veitastrond Fotball takkar Andreas og resten av Geir Erik Røysi sine disiplar for sin innsats i dag, og no er det igjen opp til oss sjølve om me rykker opp eller ei. Uansett korleis det måtte gå er me utruleg glade for at kampen neste søndag vert avgjerande, og me er sikre på at begge lag kjem til å få ein minneverdig kamp.

Folkefest i Moane

Me skulle sjølvsagt ønska at denne kampen kunne gått på Leikvoll, men den er som kjendt under ombygging og er ikkje spelbar for augneblinken. Då er me utruleg takksame for at Hafslo har tilbytt seg å låna bort heile stadionanlegget sitt, inkludert garderobar, kiosk og tribuneanlegg vederlagsfritt - ein kjempegest av Hafslo som verkeleg har synt seg som gode naboar denne sesongen!

Me er allereie no i kveld byrja å tenka på denne kampen, og sjølvsagt har me mest fokus på det som skal skje ute på bana. Veitastrond får ei ekstra utfordring med å ta ut laget med tanke på at både Even Kvam og Geir Aardal er ute grunna karantene. Likevel har me ein stor stall, og me er sikre på å finna 11 mann som er verdige til å starta denne skjebnekampen.

Me kjem og til å satsa på å laga til ei skikkeleg ramme rundt denne kampen. Litt usikkert korleis me skal angripa dette ennå med tanke på at kiosken er langt unna VIL-bua på Leikvoll, men noko lyt me vel få til.

Sjølv om kampen går på nøyral grunn vonar me at VIL-fans i alle former og fasongar tek turen til Moane kl 15:00 neste søndag, og sjølvsagt reknar me med at gopningar samt nøytrale tilskodarar og møter opp til denne kampen.

Oppfordrar difor alle som ein om å merka av kalendaren neste søndag kl 15:00 med "MOANE"

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com