Kjempenes Liga 2006
Jarvamyri imponerte stort i dagens Kjempenes Liga og tok seg heilt fram til semi-finalen der det diverre vart bomstopp mot Leite Max. Turneringa gas oss fleire minnerike opplevingar, og spesielt Øystein Heggestad har ekstra grunn til å smila etter dagens turnering.
Dei starta tidleg på laurdags morgon med å slå Lerum BK 4-1, etter ein noko famlande start, men takka vera storspel frå Geir Erik Røysi klarde strendingane likevel å ta heim ein solid seier. Neste kamp var mot Pøkkers Elite og eit møte med VIL-spelar Per Helge Hågvar, men Pelle kunne lite gjera mot eit ustoppeleg Jarvamyri som til slutt stoppa på 6-2. Etter desse kampane var dei klare for sluttspel og det måtte eit under til for at dei ikkje skulle bli gruppevinnare. I allefall, dei såg ikkje ut som noko klassisk storlag då dei tapte 0-3 mot årdølene i Agnitio i ein kamp der president Richard Nes måtte tåle massiv kritikk frå spelargruppa grunna rot og mistforståing rundt laguttaket.
Trass tap mot aluminiumsfolket vart Jarvamyri gruppevinnar og skulle møte beste trear frå laurdagen i 8. dels finalen. Uheldigvis vart dette 3`aren frå dødens gruppe som var fjorårets vinnar av KL; Haugen Power. Etter den begredelige kampen mot Agnitio friskt i minne var det nok ein viss skepsis framfor kampen, men her tok verkeleg strendingane tak og viste fram ein heilt annan glød enn tidlegare og nedsabla storfavorittane 1-0. Ein fantastisk triumf som lett kunne ha blitt ståande som dagens happening for Jarvamyri, men der tok me grundig feil....
I kvarten venta Bane 1 med Sindre Kjos Wenjum i spissen. Nok ein gong var det ein nervepirrande kamp der begge lag hadde store sjansar til å avgjera, men det heile ebba ut til straffekonk. På dei 3 første bomma begge ein kvar, og det måtte takast både 4, 5, 6, 7 straffar før det vart ein avgjerelse på det 8. straffesparket. Bane 1 skaut i stanga, og for Jarvamyri steig Øystein Heggestad fram. Heile hallen heldt pusten i det Øystein elegant dunka ballen inn i buret til høgre for keeper. Det var som om heile taket på Storhallen vart løfta i det Øystein vart omfavna av sine lagkameratar. Dette var utvilsamt ein stor siger for Øystein sjølv og eg er sikker på at det gjekk frysningar nedover ryggen på dei fleste som var til stades - ei fantastisk hending, og det er utvilsamt Øystein som kan kalla seg dagens store helt.
I semi-finalen sto Leite Max med Odd Einar "Judas" Molland og Terje Kvam i spissen. Jarvamyri fekk ein verst tenkeleg start og låg tidleg under 2-0, og dei klarde aldri å finna ut av Leite Max sin defansive organisering. Tap 1-3 og takk for i dag.
Alt i alt var det framifrå innsats frå Jarvamyri i dag. Lisenspelarane Kurt Heggestad og Geir Erik Røysi var utvilsamt solide forsterkningar og me håpar det blir med til neste år og. Bakover styrde Ole Petter Heggestad troppane og med Even Kvam i mål veit ein alltid kva ein får. Så får det heller vera at Bjørn Molland og Geir Aardal forsatt låg i draumeland då dei vart oppringde 10 min før første kamp - begge to var uansett raskt på plass og leverte solide prestasjonar heile turneringa gjennom. På topp vart det satsa på kraft i dei to Nesa karane Richard og Arne, også Øystein då som like så godt kuppa heile driden...
Kampfakta frå Jarvamyri sine kampar (slek ca (?):
Jarvamyri - Lerum BK 4-1 (Geir Erik 2, Richard, Arne)
Jarvamyri - Pøkkers Elite 6-2 (Richard 2, Emil, Bjørn, Ole Petter, Arne)
Jarvamyri - Agnitio 0-3
8. dels finale: Jarvamyri - Haugen Power 1-0 (Richard)
Kvartfinale; Jarvamyri - Bane 1 0-0 (7-6 etter straffar)
Semifinale; Jarvamyri - Leite Max 1-3 (Bjørn)
I finalen tapte Leite Max på straffar mot Fjøra All Star, medan Krutinene vann kvinneklassen.
Dei andre VIL spelarane som deltok hadde og rimeleg bra suksess, der Tor Olav Berg kom seg til ein 8 dels finale med Sogndal Bulls, det samme som Bjarte Pedersen gjorde med Lerum BK. Pelle rauk (takka vera Jarvamyri tap i siste gruppekamp) diverre ut utan å kvalifisera seg til sluttspel med sitt Pøkkers Elite og samme skjebne fekk Jonny Ølnes på fredagskvelden då han representerte Pøkkers Pro. VIL stoppar Ronny Sanden viste til tider prov på klasse då han var med Leite Mix fram til semien.
Gå inn på heimesida til Kjempenes Liga for meir info her
Eller besøk Pelle sine Pøkkers sider her
For fleire bilder frå KL flekkar du deg inn her (tok diverre ikkje so fela mange)
|