Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

              

Kjempenes Liga

Det nærmar seg altså no den årlege Kjempenes Liga turneringa. Dette er ei turnering arrangert av Fjøra FK, men framstår i praksis som ein god gamaldags grenda-cup. Difor stiller ikkje Veitastrond Fotball eige lag, men det er likevel mange av spelarane som er representert her. Flest VIL spelarar er det å finna på Jarvamyri, her har president Richard Nes teke ut ein tropp som med få unntak består av spelarar som opprinneleg er frå Veitastrond. Geir Erik Røysi (bildet), som seinast spelte 2.div med Årdal FK i 2006, er den einaste som ikkje har nokon tilknytting til Strondi, medan Even Kvam "berre" kan kalla seg halve kvamsing. 

Troppen til Jarvamyri;

Målvakt

Even Kvam

Forsvar

Frank Heggestad, Ole Petter Heggestad

Midtbane

Kurt Heggestad, Geir Erik Røysi, Emil Heggestad, Bjørn Molland, Geir Aardal

Angrep

Richard Nes, Arne, Nes, Øystein Heggestad

 

Trekninga av gruppene vart gjort torsdags kvelden og Jarvamyri unngjekk dei største favorittane (der dei tre størse Haugen Power, Leite Mix og Fjøra All Star havna i det ein trygt kan kalla dødens gruppe). Jarvamyri kom i gruppa med Lerum BF, PIHK Elite og Agnitio Bil. Sjølv om det vanskeleg å seia så mykje om kvaliteten på dei ulike laga bør det vera gode muligheter for strendingane å klara avansement her. Morosamt er det likevel at dei er havna i samme gruppe som PIHK elite, som blir leia av spelande president og VIL spelar Per Helge "PELLE" Hågvar. Det blir spanande å sjå om Pelle har samvit til å gå på bana mot sine eigne, i så tilfelle kan han sannsynlegvis forventa seg pipekonsert og heftig reaksjon frå VIL-fansen. Om ikkje det var nok så finn me og årets spelar 2006; Bjarte Pederesen i samme gruppe som representant for Lerum BK. Det ryktas at Bjarte var utruleg skuffa over ikkje å bli utteken på Jarvamyri, og han skal vera særs revansjesugen. Til Veitastrond.com sa ein tydeleg fornærma BP i dag;  "det skal bli godt å visa musklar mot laget som ikkje fann meg god nok. Spesielt president Richard Nes bør ikkje forventa seg nokon kjære mor når det brakar laust neste helg"

Andre VIL-spelarar som er med i KL er Gaute Olstad som har fått tilitt i Engebø Racing, Ronny Sanden i Leite Mix, Tor Olav Berg i Sogndal Bulls og Jonny Ølnes i PIHK PRO. Ellers kan det nevnast at dei tidlegare VIL-keeperane Odd Einar Molland (Leire MAX) og Sigbjørn Haugen (PIHK PRO) også er med.

Kjempenes Liga er uansett eit fenomenalt arrangement og me anbefalar alle og einkvar til å ta turen opp i Sognahallen til neste helg (24. og 25. nov) og følgja Jarvamyri på veg mot toppen

Les meir om Kjempenes liga på heimesida til Fjøra FK her

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com