Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Heiderleg innsats av Jarvamyri i Kjempenes Liga

Jarvamyri klarde å komma seg vidare frå gruppespelet for 4. året på i året Kjempenes Liga etter at dei til tider varta opp med fin fotball inne i Sognahallen i dag. I 1/8-dels finalen vart det diverre bom stopp då det vart tap 2-3 mot Norges Herligste i ein kamp der me like gjerne kunne ha trekt det lengste strået. Dermed vart det slutt ca kl 12:30 for strendingane i dag, men etter å ha spelt sidan kl 09:00 på morgonen var gutane godt nøgde med dagen.

Jarvamyri var i innleiande gruppe med Ornes IL, Fjøra All Star og NorSun. I utgangspunktet låg alt til rette for at alle 4 laga ville vera med å kjempa om vidare avansement, men sidan vegen mellom Årdal og Tangen var stengt så mangla NorSun dei fleste av sine nøkkelspelarar og dei var betydeleg svekka.

Ornes var det laget som tidleg utmerka seg som gruppa sitt beste lag, og dei gjekk igjennom gruppespelet ubeseira. Kampen om 2.plassen stod mellom Jarvamyri og eit av Kjempenes Liga sine beste lag opp igjennom åra Fjøra All Star. Dei to møttes i ein vinn eller forsvinn kamp i siste runde, og her viste Jarvamyri ingen nåde og feia oldboysane av bana med 5-1, ein siger som utvilsamt smakte av fugl.

I sluttspelet vart det altså ut på første forsøk då Norges Herligste slo oss 3-2.

Me tek ein liten gjennomgang av kvar kamp;

Jarvamyri - NorSun 2-0

Eit svekka NorSun lag som måtte leiga inn Dag Martin Fardal som keeper såg ut til å ha gitt opp før kampen var byrja, og dei la seg svært lågt. Jarvamyri stanga og stanga mot NorSun sitt forsvar før Richard Nes scora 1-0 målet 5 min før kampslutt. På slutten så auka Geir Erik Røysi til 2-0, og Jarvamyri tok ein fullt fortent siger.

Jarvamyri - Ornes IL 1-3

Jarvamyri tok tidleg leiing ved Arne Nes etter ein mønsterkontring i dette lokalderbyet. Etter dette vart me pressa langt ned på eigen banehalvdel og det gjekk for det meste i å forsvara seg. Det gjekk lenge bra heilt til Geir Aardal var uheldig og satte ballen i eige mål, og seinare scora Ornes 2 mål til og dei vann fortent 3-1 til slutt.

Jarvamyri - Fjøra All Star 5-1

I denne skjebnekampen visste Jarvamyri seg fram får si beste side og slo forhandsfavorittane frå Fjøra All Star me heile 5-1. Anført av ein glitrande Kurt Heggestad ute på bana og ein endå meir glitrande Even Kvam i buret gjorde me jobben umogleg for fjørene. Til slutt vann me heile 5-1 etter scoringar av Kurt Heggestad x2, Richard Nes, Bjørn Molland og Geir Aardal.

Jarvamyri - Norges Herligste 2-3

1/8-dels finale mot Norges Herligste, som var eit lag som bestod av spelarar frå Jølster og Sandane. Dei var ein motstandar som sprang oss i senk og leia 3-0 midtveges etter at blant anna Even Kvam vart utvist, og me spelte med ein mann mindre i 5 minutt. Mot slutten klarde me nesten å ta dei igjen etter først eit sjølvmål og deretter ei perle frå Kurt Heggestad. Mot slutten klarde me neste å scora endå ein gong, men diverre lukkast det ikkje. Blant anna så stiller me spørsmålstegn til Kurt som ikkje ga alt på slutten då han trudde resultatet var 2-4...

Alt i alt er me slik nogenlunde godt nøgd med årets innsats og me gler oss allereie til neste år.

Andre VIL-spelarar i aksjon

Ingen andre VIL-spelarar sine lag kom lengre enn 1/8-dels finale, og ingen fekk oppleva likande eventyr som Lægreidspubben hadde i fjor.

Vidar Vadseth, Øivind Kristiansen, Øyvind Lien og Helge Skjælaaen fekk eit antiklimaks frå i fjor og rauk ut i gruppespelet med Lægreidspubben.

Ole Kristian Vikheim og Kim Andre Navaresete rauk og ut i gruppespelet med Nåty Playboys.

Morten Hagen og Haugen Power måtte ut i 1/8-dels finalen.

Gaute Olstad deltok for Vågåenga, men måtte sjå seg utslått i gruppespelet.

Samma skjebne fekk Frode Kvam og Songdal Pøkkes.

Medan Gøran Fimreite og Jan Erik Bøyum og Sogndal Bulls rauk ut i gruppespelet.

Dermed deltok 20 av dei 22 spelarane me har i troppen i årets turnering, og klubben er glade for å sjå at spelarane held formen og samtidig viser seg fram for fansen no i vinterpausen - dette set dei heilt sikkert pris på.

Vikjene tok pokalen heim

Årets vinnar av turneringa vart Vik Gym, som bestod av spelarar frå årets KM-vinnar i 4.divisjon. Anført av ein glitrande Øystein Myrkaskog på topp så vann dei samtlege kampar, og slo til slutt vår motstandar i 1/8-dels finalen Norges Herligste med 3-0.

Me gratulerar dei og vinnaren av kvinneklasse; Skroftsedn med årets siger!

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com