|
Kjempenes liga 2007
Årets Kjempenes Liga går av stabelen 16.-17.november i Storhallen. Dette er den årlege turneringa som vert arrangert av Fjøra FK, og den har etterkvart vakse seg til å bli eit av årets høgdepunkt for fotballgale sogningar. Turneringa starta opp i 2002, og i dei 2 føregåande åra har Veitastrod sin representant Jarvamyri stilt til start, og til årets turnering er dei igjen klare.
Det skal seiast at dette er ein god gamaldags grendacup, og det er her heimesnikra lag som gjeld og ikkje klubbar som er med i seriesystemt. Veitastrond Fotball har soleis ikkje noko organisert lag med, men me tek oss likevel den friheten å fylgja Jarvamyri tett då dei fleste spelarane her har sitt opphav i VIL. Me oppfordrar sjølvsagt alle andre VIL-spelarar om å stilla til denne turneringa, og me vil sjølvsagt følgja opp alle VIL-spelarar som deltek i turneringa.
Jarvamyri_kjempenes_liga/dagensstoreheltysteinheggestad.jpg)
I debutsesongen i 2005 kom Jarvamyri til kvartfinalen, medan dei i fjor nesten kom seg heilt igjennom, men tapte diverre i semi-finalen. Begge gongen har me gått ut mot Leite Max med halv-kvamsingen Terje Kvam i spissen. Fjorårsesongen vert for vår del, og forsåvitt for heile turneringen sin del, best hugsa for det fabelaktige straffesparket til Øystein Heggestad som sende Jarvamyri vidare frå kvartfinalen. Ei stor oppleving både for Øystein og alle andre som fekk med seg dette, og me vonar at årets sesong kan gje oss liknande opplevingar.
I dag tok lagleiar Richard Nes ut sin tropp på 11 mann som skal representera Jarvamyri i årets Kjempenes. Alle dei 10 som var med i fjor er med i år, og i tillegg har me henta inn Frank Heggestad. Me føler stallen vår ser meget bra ut, og me legg ikkje mykje skjul på at ambisjonane i år er å kuppa heile driden.
Dei 11 som er uttekne er som følgjer;
- Even Kvam
- Ole Petter Heggestad
- Geir Aardal
- Frank Heggestad
- Bjørn Molland
- Emil Heggestad
- Kurt Heggestad - lisens
- Geir Erik Røysi - lisens
- Arne Nes
- Øystein Heggestad
- Richard Nes
Dei to lisensspelarane kan berre vere ein på bana samstundes, og dei to kjem sannsynlegvis til å byta seg i mellom heile turneringa igjennom.
Einaste usikkerhetsmomentet i troppen er Kurt Heggestad, då hass bedre halvdel har termin i dei dagar turneringa går. Sjølv om dette nok vil bli eit dilemma for Kurt, har me likevel ei aning om at han vel fødestova framfor Jarvamyri...
Me kjem tilbake med meir info om Kjempenes Liga når det nærmar seg.
Du kan lesa meir om Kjempenes Liga på deira heimsider HER
|