|
Jarvamyri rauk ut i 1/8-finalen i Kjemepens Liga_kjempenes_liga/evenogolepettersnakkaromgamlenoranekampar.jpg)
Det vart ikkje nokon jubelsesong for Jarvamyri i årets Kjemepenes Liga. Laget som stort sett består av strendingar fann aldri fram til finspelet, og alt i alt må me seia at me var litt skuffa. Ambsjonane var å toppa fjorårets semifinaleplass, men i staden vart det hove og røvi ut i 1/8-finalen.
Fredag - Dag 1
Jarvamyri byrja årets Kjempenes med å spela innleiiande gruppespel i går. Me var i gruppe med IUFF, S-Laget og Gjestvangs Disipler.
Laget til Jarvamyri bestod av; Even Kvam, Geir Aardal, Ole Petter Heggestad, Frank Heggestad, Bjørn Molland, Emil Heggestad, Geir Erik Røysi, Kurt Heggestad, Richard Nes, Arne Nes og Øystein Heggestad. Her er Kurt og Geir Erik lisensspelar, og berre ein kan av dei kan vera på bana samtidig. Arne var på kurs og fekk kun med seg ein kamp.
Kamp 1; Jarvamyri - IUFF 1-0 (Richard)
Det heile byrja forrykande då Richard Nes snappa opp ein feilpasning og dunka inn 1-0 etter ca 10 sekundar. Akkurat då trudde me at dette skulle gå som ein leik igjennom heile turneringa. Resten av denne kampen var meget jamnspelt, og begge laga hadde gode muligheter. Likevel ebba det ut me 1-0 siger til Jarvamyri, og ein perfekt start.
Kamp 2; Jarvamyri - S-Laget 1-1 (Bjørn)
Til denne kampen var ikkje Even med, og dermed måtte Frank steppa inn mellom stengene - ei oppgåve han løyste framifrå. Nok ein gong vart det ein meget jamn og tett kamp. Jarvamyri gjekk i leiinga ca midtveges då Bjørn vart spelt igjennom, og scora iskaldt åleine med keeper. Samme Bjørn hadde og ein god sjansen på slutten, men denne vart diverre redda på streken. Omlag 1 min før slutt så vart Ole Petter litt for aktiv med armbruken, og dommaren ga han gult kort, og etter reglane må me då spela 2 min med ein mann mindre på bana. Dette utnytta S-Laget då Helge Fimreite dunka inn 1-1 berre sekundar seinare. Dette vart og sluttresultatet, og spenninga i gruppa var framleis til stades.
Kamp 3; Jarvamyri - Gjestvands Disipler 0-5
Gjestvang var før denne kampen klare for sluttspel med full pott på dei 2 fyrste kampane. Me ville gå vidare med 1 poeng. Dette vart og einaste kampen der Arne Nes spelt utan at dette såg ut til å ha den heilt store innverknaden. Det var jamt i starten, men så fekk Gjestvang seg to kjappe scoringar, og punkterte på mange måtar kampen. Gjestvang scora faktisk på alle sine 5 skot dei hadde på mål, og spesielt siste scoringen var eit kremmarhus då dei brassa ballen klin i krysset. Jarvamyri klarde ikkje å utnytta verken sjansar eller overtalspel, då Gjestvang to gonger fekk utvist ein mann. Det heile enda til slutt med småpinlege 0-5 i sekken,
Med desse resultate enda gruppa som fylgjer;
|
|
K |
V |
U |
T |
Mål |
P |
|
Gjestvangs Dispipler |
3 |
3 |
0 |
0 |
10-0 |
9 |
|
S-Laget |
3 |
1 |
1 |
1 |
2-2 |
4 |
|
Jarvamyri |
3 |
1 |
1 |
1 |
2-6 |
4 |
|
IUFF |
3 |
0 |
0 |
3 |
0-6 |
0 |
Gjestvangs og S-Laget gjekk begge direkte vidare, medan Jarvamyri karra seg vidare som fredagens beste 3`ar lag. Ingen imponerande kveld av oss, men me satsa på at dette var tedensar på eit framifrå turneringslag.
Laurdag - Dag 2
Jarvamyri skulle spela mot vinnaren av gruppe D som vart B-Jax med Ole Petter Hatlevoll og Cato Aalen i spissen.
1/8-finale: Jarvamyri - B-Jax 2-2 e.e.o. 1-3 på straffar. (Emil x2)
Jarvamyri byrja dårleg og ca midtveges låg me under med 2-0. Først då vakna me for fyrste gong i turneringa. Me varta endeleg opp med litt innsats og finspel, og spesielt Emil gjekk i spissen. Han scora 2 nydeleg mål som gjorde at me kom likt med jaxane. Heilt på slutten burde Richard ha scora, men bomma på to fine sjansar. Kampen gjekk til sudden-death, og der vart vart det og mållaust og dermed straffekonk.
1.straffe; B-Jax byrja med scoring. Bjørn kvitterte for Jarvamyri 1-1
2.straffe; B-Jax scora nok eing gong. Det gjekk eit gisp igjennom salen når fjorårets straffehelt Øystein gjekk fram for Jarvamyri. Øystein tok sats, men diverre så gjekk ballen ein cm utanfor krysset. Liten skuffelse for Øystein, men er det nokon som likevel skal gå med heva hovudet er Øystein som framleis berre går under kallenavnet "Straffekongen".
3.straffe; B-Jax scora og på sin siste straffe, og dermed var det snipp snapp snute for Jarvamyri.
Utslått i 1/8-finale mot eit lag me så absolutt meinar me burde hatt gode sjansar mot var ein liten skuffelse. Likevel er det ikkje anna å venta når innsats og spel var som det var i denne turneringa. Me får ta det igjen til neste år, då skal me visstnok kuppa heile driden.
Andre VIL-stjerner i turneringa
Det var ikkje berre på Jarvamyri det var VIL-stjerner i aksjon i helga.
På Lægreids Puben var 3 VIL-stjerner i aksjon. Desse var Vidar Vadseth, Helge Skjælaaen og Øyvind Lien. Desse imponerte stort og i skrivande stund er dei klare for finalespelt mot Skills That Kills. Me kjem tilbake med resultat når det er klart.
På Sogndal Bulls fann me Gøran Fimreite og Jan Erik Bøyum. Desse gjorde det og bra, men rauk ut mot Gjestvangs Disipler i 1/8-finalen. SB leia kampen 2-0 men GD kom tilbake og vann til slutt kampen på straffespark.
På Notsete Playboys var Ole Kristian Vikheim og Kim Andre Navarsete representerte. Desse kom og til 1/8-finale, der dei rauk 0-5 for Carebears.
Ellers kan me ta med at på Sogndal Pøkkers var tidlegar VIL-spelarar Per Helge Hågvar, Rune Molland, Frank Robert Værn og Jonny Ølnes i aksjon. Desse gjekk ikkje vidare frå gruppespelet.
Tok diverre ikkje bilder ifrå årets turnering, så de får ta til takke med fjorårets.
|